Berekraftsagenten
1. Vel eit produkt eller ei teneste
Du skal no velje eit produkt eller ei teneste som du skal gjere meir berekraftig. Det kan gjerne vere noko du er interessert i frå før.
Bilete til inspirasjon
Du vel produkt eller teneste sjølv. Om du synest det er vanskeleg å komme på noko, kan du bruke bileta under som inspirasjon.
2. Utforsk: Korleis gjere det meir berekraftig?
No skal du finne løysingar som vil gjere produktet eller tenesta meir berekraftig. Du må etterpå kunne forklare kvifor produktet/tenesta har blitt meir berekraftig, og då ved å vise til fagomgrep. Du finn relevante fagartiklar om du klikkar på "Relevante kjelder".
Produktet/tenesta kan bli meir berekraftig ved at
heile eller delar av produktet enklare kan brukast fleire gonger
endringane kan bidra til at produktet/tenesta skaper mindre avfall
fleire av dimensjonane ved berekraftig utvikling blir varetekne
klimagassutsleppa går ned
det varer lenger eller kan brukast fleire gonger, og dermed blir livsløpsvurderinga betre
det trengst færre ressursar og mindre areal i produksjonen
3. Lag presentasjon og pitch
Lag ein presentasjon
Presentasjonen må innehalde illustrasjonar og tekst som forklarer korleis idéen din gjer produktet meir berekraftig.
Du bør bruke og forklare minst tre av desse omgrepa: avfallspyramiden, forbruk, overforbruk, sirkulær økonomi, berekraftig utvikling, ressursbruk, livsløpsvurderingar og økologisk fotavtrykk.
Lag ein pitch
Ein pitch handlar om å forklare idéen eller løysinga di kort og effektivt gjennom å
starte med det viktigaste
komme til poenget fort
overtyde om kva som er bra med løysinga di eller idéen din
Film: Pitch
Filmen under (lengde 1:19) forklarer kva ein pitch er.
4. Pitch for kvarandre
Gå saman i grupper på rundt tre–fem elevar. No skal alle pitche idéen sin til resten
Alle bør få nokre korte tilbakemeldingar rett etter pitchen før neste elev pitchar. Ver konstruktiv:
Kva var bra med løysinga?
Var det noko de ikkje forstod eller lurer på?
Gi konstruktive forslag til justeringar.





