Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Feltarbeid: Undersøk berggrunnen i nærområdet

Kva bergartar finst i nærområdet ditt? Dra ut i felt og undersøk ulike kjenneteikn på berggrunnen, og finn ut korleis han kan ha blitt danna.

1. Førebuing i klasserommet

A. Finn informasjon om bergartar

Finn informasjon om dei tre ulike bergartstypane.

B. Bestem aktuelt feltområde

Vel ut eit eller to avgrensa område i nærleiken av skulen i samråd med faglæraren, og bestem når og kor lenge de skal vere ute i felt (det avheng av kor langt unna skulen området ligg). Bli òg einige om kva de treng å ha med av utstyr i felt.

Tips til læraren – val av område

Det kan vere greitt å ha sjekka ut nærområdet på førehand. Kvar er dei beste føresetnadene for å undersøke berggrunnen i dykkar område?

Vanlege stader å undersøke berggrunnen i felt:

  • eksponerte bergknausar eller svaberg

  • vegskjering eller skråning (obs: unngå trafikkerte bilvegar eller ustabile skråningar)

  • byggeplassar eller graveområde (obs: kan krevje løyve)

  • aktive eller nedlagde steinbrot (obs: kan krevje løyve)

  • parkar eller naturstiar med synlege berg

  • elve- og bekkeløp der elva eroderer i berggrunnen

2. Undersøkingar i felt

Gå saman i grupper på to–tre elevar. Undersøk berggrunnen, noter kva de observerer, og ta bilete. Bruk gjerne registreringsskjemaet nedanfor.

Undersøk

  • kjenneteikn (til dømes farge, utsjånad, struktur eller mønster, kornstorleik)

  • om bergartstypane er magmatiske, sedimentære eller metamorfe

  • terrenget rundt feltområdet og beskriv det

  • andre forhold som har innverknad på området (til dømes menneskeleg påverknad, vatn)

3. Etterarbeid

A. Gruppevis

Bruk observasjonar, notat og bilete frå feltarbeidet til å diskutere kva bergartstypar de trur de har funne. Del deretter éin observasjon eller eitt bilete med klassen, og forklar kort kva bergartstype de meiner det er, og kvifor.

B. Felles undersøking og diskusjon

Læraren viser berggrunnskartet for nærområdet på storskjerm (sjå nedanfor). Undersøk kartet og svar på desse spørsmåla saman:

  • Kva bergartar finst i området? (Sjå på fargar og nummer.)

  • Kva type høyrer bergartane til (magmatisk, sedimentær eller metamorf)? Stemmer dette med det de observerte ute?

  • Korleis trur de berggrunnen i nærområdet dykkar har blitt danna?

Her kan de opne kartet i fullskjermvisning.

Tips til læraren – bergartskonkurranse

Dersom skulen har ei steinsamling, kan du lage ein liten konkurranse i klassen:

  1. Del elevane inn i grupper.

  2. Legg ut ulike bergartar på stasjonar og nummerer dei.

  3. Gruppene får eit minutt på kvar stasjon til å bli einige om kva type bergart det er (magmatisk, sedimentær eller metamorf).

  4. Dei noterer nummer og bergartstype undervegs.

  5. Til slutt går de gjennom fasiten saman og ser kva gruppe som fekk flest riktige.

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 08.09.2025