Podkast: Indre krefter

1. Kva kan du frå før?
Skriv ned to setningar eller nokre stikkord til kvart av spørsmåla.
Korleis oppstår jordskjelv og vulkanar, og kvar er det vanleg at slike hendingar skjer?
Kva konsekvensar kan slike hendingar få?
2. Lytt til podkasten
Det kan vere fint å sjå på oppgåvene under før du lyttar til episoden.
Indre krefter
Bli med til Island og lær om vulkanar og jordskjelv. Kvar oppstår vulkanar og jordskjelv? Finst det vulkanar i Noreg? Og kva er eigentleg platetektonikk? Programleiar Fredrik Sjaastad Næss diskuterer ...
Tekstversjon
F: Forteljar
FSN: Fredrik Sjaastad Næss, programleiar
RM: Reidar Müller
F: Den 15. april 2010. Sofie er på ferie med familien sin på Island. Faren hennar, som alltid har vore fascinert av geologi, har lenge drøymt om å besøke landet. Den siste veka har familien utforska Islands ville natur. Dei har sett geysirar sprute kokande vatn opp i lufta, gått turar i vulkanske område og bada i varme kjelder. Faren til Sofie har ivrig forklart korleis vulkanske krefter har forma øya, mens Sofie og søskena hennar har veksla mellom å lytte interessert og å himle med auga. Denne dagen er det likevel på tide å reise heim. På flyplassen sit Sofie saman med familien sin og ventar på flyet. Ho gler seg til å komme tilbake til vennene sine i Noreg, men veit at faren gjerne ville ha blitt igjen på Island for å sjå endå meir av Islands geologi. Men så høyrer Sofie ein alarm. Deretter kjem lyden av ein stemme over høgtalarane: "Alle flyavgangar er kansellerte." Sofie ser forvirra på foreldra sine. Kva kan ha skjedd? Familien får auge på ein tv-skjerm som viser lokale nyheiter. Der ser dei bilete som viser ei gigantisk oskesky som stig opp frå ein vulkan. Faren til Sofie snur seg mot henne og seier: "Dette er ei historisk hending, tenk at vi er her akkurat no!" Sofie sukker. Det ser ut som at denne ferien blir lengre enn planlagt.
FSN: Det Sofie akkurat opplevde, var eit naturfenomen. For det som gjekk føre seg på Island, var eit av dei største vulkanutbrota som har skjedd på øya i nyare tid. Vulkanen Eyjafjallajökull hadde vakna til liv for første gong på 800 år, og sjølv om utbrotet allereie hadde gått føre seg i nesten éin månad, hadde det akkurat auka i styrke. Denne dagen begynte vulkanen å pøse ut enorme mengder med vulkansk oske. Oska vart blåsen opp i atmosfæren slik at store oskeskyer vart førte av garde med vinden, og på grunn av desse skyene var det ikkje lenger trygt å fly. Dersom eit fly kjem i kontakt med vulkansk oske, kan oska mellom anna forårsake motorsvikt. Derfor vart alle flyavgangane frå Reykjavik innstilte. Men kvifor er Island ein stad som blir ramma av vulkanutbrot? Jo, det er fordi jordskorpa består av noko som heiter tektoniske plater. Desse platene beveger seg nokre centimeter kvart år. Island ligg midt på ei grense mellom to havbotnplater som sakte flyttar seg frå kvarandre. Som ei følge av dette er Island prega av både vulkansk aktivitet og jordskjelv. Likevel er ikkje Island det einaste landet der menneske lever tett på slike naturfenomen. Har til dømes Noreg blitt ramma av vulkanutbrot eller jordskjelv ein gong i fortida? Kan dette eventuelt skje igjen? For å svare på desse spørsmåla må vi sjå nærare på omgrepet platetektonikk. For å forklare meir om det har eg med meg Reidar Müller, norsk geolog, forskar og sakprosaforfattar. Hei, Reidar!
RM: Hallo, hallo.
FSN: Eg har jo førebudd meg til dette her. Eg har prøvd å lese, eg har prøvd å høyre, eg har prøvd å sjå, men omgrepet platetektonikk, kan du forklare det for meg?
RM: Ja, det for det første veldig gøy. Altså, vi sit jo her no i studio, og så ... Er du hypersensitiv?
FSN: Nei.
RM: Kan du merke at bakken flyttar på seg lite grann akkurat no?
FSN: I utgangspunktet ikkje, men når du nemner det, så tenker eg at kanskje eg kan kjenne det.
RM: Ja, for sjølv om det ikkje kjennest sånn, så flyttar bakken på seg litt akkurat no. Det skjer berre utruleg sakte, det skjer like sakte som naglen din veks, derfor merkar du ikkje det. Noreg ligg på det vi kallar ei kontinentalplate, som rører på seg. Det er litt rart å tenke på. Og det er ikkje berre plata vår som rører på seg. Jordskorpa er delt opp i åtte større kontinentalplater som flyttar på seg i forhold til kvarandre. Noreg ligg på ei plate som vi kallar Det baltiske skjoldet, og ho flyttar seg faktisk to centimeter mot nordaust i året. Det merkar ikkje du, men Oslo vil om 35 millionar år vere på same breiddegrad som Trondheim.
FSN: Oi!
RM: Det er litt gøy.
FSN: Det er jo ikkje litt gøy, det er veldig gøy!
RM: Ja. Så det er jo veldig sånn røft forklart. Og desse platene rører på seg i forhold til kvarandre.
FSN: Ja, uavhengig ... Eller, det er jo ikkje uavhengig av kvarandre?
RM: Dei flyttar på seg. Nokre stader sklir dei frå kvarandre, og det skjer til dømes på Island. Nokre stader kolliderer dei. Til dømes mosar India inn i Asia, altså kontinentalplata i India krasjar i Asia, og det skaper jo Himalaya-fjellkjeda, som er den høgaste fjellkjeda i verda.
FSN: Så Himalaya blir litt høgare for kvart år?
RM: Det blir litt høgare for kvart år. Så dette er eit nærast slags puslespel der desse platene rører på seg heile tida i forhold til kvarandre. Men det går utruleg sakte, det er viktig å ha med seg. Det er på ein måte det grunnleggande, at jorda er inndelt i sånne plater som flyttar på seg i forhold til kvarandre. Det skaper vulkanutbrot, ofte langs desse plategrensene, og så har du veldig mykje jordskjelv.
FSN: Ok, men kva må til på desse platene for at det skal bli vulkanutbrot?
RM: Det var eit godt spørsmål. Klarer eg å svare på det kjapt? Nei, altså, akkurat der platene er, er det ei svakheit, og då sklir jordskorpa frå kvarandre, og då kjem det varm mantel. Det som heldigvis ligg ganske mange kilometer under føtene våre her no, kjem opp i overflata, forenkla sagt.
FSN: Men i den introforteljinga var det jo dette vulkanutbodet på Island. Oskeskyer, fly stoppar, det er heilt kaos. Men kvifor akkurat på Island? Eller kvifor er det så mykje vulkansk aktivitet der?
RM: Ja, det er jo fordi akkurat på Island ... Eg har vore mange gonger på Island, utruleg kul plass. Akkurat på Island sklir Det baltiske skjoldet med Noreg ... Altså, Europa sklir bort frå Nord-Amerika og Grønland. Og det skjer akkurat på Island.
FSN: Ja, ikkje sant.
RM: Så då blir det eit sår i jordskorpa, og så kjem magma – flytande lava – opp frå djupet, og det er det som skjer på Island, som vulkanar, då. Så er det ein annan ting som kompliserer litt med Island, og det er noko vi kallar hotspots, varmeflekker. Nokre stader i jordskorpa har du sånne ... Ein veit ikkje heilt kvifor, men det er sånne varme område nede i mantelen. No må eg berre kort seie kva mantel er. Vi bur på, heldigvis, på ei hard skorpe – jordskorpa. Under jordskorpa er det vi kallar mantelen. Han er ikkje flytande, men nokre stader er han flytande. Det er veldig vanskeleg å forklare akkurat om han er flytande eller fast, for det er litt diskusjonar rundt det. Men nokre stader blir han flytande, og han er varm, og det er sånne varmeflekkar, og akkurat under Island er det ein sånn varmeflekk. Der stig varm mantel – altså magma – opp til overflata akkurat på Island. Så det er to ting: varme flekkar, hotspots på godt norsk, og så er det at platene sklir frå kvarandre på Island.
FSN: Og då får du desse, vil eg tru, desse varme kjeldene og geysirane.
RM: Ja, og det er jo dødskult. Eg hadde med barna mine til Island, og då måtte vi sjølvsagt til desse varme kjeldene, så vi kokte egg. Vi laga mat.
FSN: Ja, ikkje sant?
RM: Ja, du kan berre putte ... Då er det som om det koker, akkurat som i ei gryte du set på steikeomnen, og så kan du berre putte egga oppi. Det varme vatnet er grunnvatn som er varma opp av magmaen som berre ligg nokre få kilometer under bakken på Island.
FSN: Så han er nærare overflata på Island enn til dømes i Noreg?
RM: Mykje nærare. Her vi sit i Oslo, er det cirka 40–50 kilometer ned til denne mantelen, altså, denne varmen, faste, flytande ... Det spørst kva du vil kalle det. Det er veldig langt ned. Mens på Island er det nokre stader berre fire–fem kilometer, og nokre sprekkar kjem opp med lava, så det er sprekkar også i jordskorpa
FSN: Vi hadde jo ein samtale før denne innspelinga der vi nemnde vulkanutbrotet frå introforteljinga, og så sa du at det var eit veldig lite vulkanutbrot. Så nemnde du eit anna?
RM: Ja, det er eit veldig lite vulkanutbrot, men det fekk jo store konsekvensar for flytrafikken fordi det var eit utbrot under ein isbre. Når den varme lavaen kjem og reagerer med isen og vatnet, blir det til oske. Så derfor vart det veldig mykje trøbbel. Men det er jo mange døme på Island der det har vore mykje meir kraftigare, større vulkanutbrot med fryktelege konsekvensar. Så vulkanutbrot er jo ikkje berre ... Ein ting er jo sjølv lavaen, og av og til har du jo hatt eksplosive vulkanutbrot. Det var til dømes eit vulkanutbrot i USA i 1980, som heiter Mount St. Helens. Der var det ein vulkan som berre eksploderte. Heile toppen berre forsvann, og då var det mange menneske ganske nær fjellet, og dei vart jo drukna i desse oskestraumane som er ekstremt varme. Det er 1 000 gradar. Det er litt som når du gløymer ein pizza i omnen, og så blir han ståande. Det er litt det som skjer viss du kjem i kontakt med dei oskestraumane. Vulkanar kan vere ekstremt farlege når du er tett på dei, både det at dei slepper ut gassar, men òg sjølve utbrotet, særleg desse oskestraumane kan vere kraftige.
FSN: For meg, etter å ha snakka litt med deg no, så er jo ikkje vulkanar anna enn død og forderving. Er det noko som helst positivt med eit vulkanutbrot?
RM: Ja, til dømes på Island etter "Eiafjelljøkul", som eg aldri klarer å seie rett. Kven klarer det?
FSN: Ikkje islendingar, eingong.
RM: Ikkje islendingane. Det som er spesielt med det, er at det er jo veldig bra for jorda, for jordsmonnet. Det blir sagt at bøndene rundt vulkanen der etter utbrotet har sloppe å gjødsle jordene sine på mange år.
FSN: Men på Island ligg det jo sånn fire–fem kilometer under bakken. Og då er det jo ein enorm varme og mykje energi. Bruker dei det til noko anna enn at turistar kjem og badar i varmt vatn?
RM: Og koker egg, sånn som eg gjorde. Eg må berre seie, det er fantastisk å bade i dei varme kjeldene. Det er iskaldt, det er april, og det er null gradar, så kan du berre legge deg ned i kjeldene. Det er ei heilt utruleg kul oppleving. Men ja, det er jo det dei har gjort på Island. Dei hentar jo varme opp frå grunnen, og dei treng ikkje å bore så langt som dei måtte gjort her i Noreg. Her må du bore mange, mange kilometer ned. Der kan du berre bore rett ned i bakken, og så kan du hente store mengder varme. 90 prosent av alle husa på Island har varme som stammar frå vulkanske kjelder.
FSN: Veldig miljøvennleg, då.
RM: Veldig miljøvennleg. Og så kan du òg lage straum, men då må du bore brønnane litt djupare for å få varmt nok vatn opp som kan drive desse turbinane.
FSN: Viss vi skal tenke på Noreg ... Eg har ei lita vulkanfrykt no. Men det er ikkje nokon vulkanar her i Noreg? Her er vi trygge?
RM: Det er jo ein vulkan som ligg akkurat på den same grensa, ho mellom Nord-Amerika og Europa. På øya Jan Mayen er det ein vulkan som heiter Beerenberg. Så det er jo ein norsk vulkan, det er den einaste vulkanen på land i Noreg, men han er langt unna.
FSN: Eg høyrer du seier det ...
RM: Elles så er Noreg på ein måte eit vulkanland, for denne sprekken mellom Noreg og Amerika held jo fram frå Island og ut i havet.
FSN: Ja, sjølvsagt gjer han det.
RM: Ja, og han ligg i norsk farvatn. Så Noreg har mange, mange hundre kilometer av den vulkansprekken. Han er på ein måte eigd av Noreg, eller er i norsk farvatn. Visste du at det har vore vulkanar i Oslo?
FSN: Har det vore vulkanar i Oslo?
RM: Ja, her har det jo vore veldig mange vulkanar. Hadde vi vore her vi sit no for 270–280 millionar år sidan, hadde det ikkje vore spesielt hyggeleg å vere her.
FSN: Men kvar var dette her, viss ein vil på sånn steinjakt?
RM: Ja, det var mange. Du hadde ein i Bærum, som vi kallar Bærumsvulkanen. Det var ein i Nittedal, som vi kallar Nittedalsvulkanen. Du hadde ein nede ved Tønsberg, som heiter Ramnesvulkanen, og så var det mange vulkanar innover i Nordmarka, i skogen rett nord for Oslo, og så var det ein vulkan som var på Hurdal – Hurdalsvulkanen. Så det har vore mange vulkanar rundt. Og det som òg er litt gøy, er at når det er sånn vulkansk aktivitet, så gjer det òg at du får felt ut metall, sånn som gruvene på Kongsberg, som har vore kjempeviktig i norsk historie. Sølvgruvene er jo danna på grunn av denne vulkanske aktiviteten som var for 250–300 millionar år sidan.
FSN: Ja. Men ein ting eg lurer litt på no, må det vere eit jordskjelv for at det skal bli eit vulkanutbrot? Heng det saman?
RM: Ja, dei heng ofte litt saman, men det treng ikkje vere … Dei heng ofte saman akkurat på sånne plategrenser, anten der platene kolliderer med kvarandre, eller der dei sklir frå kvarandre, så får du jordskjelv. Der har du òg ofte vulkanutbrot. Mange av dei største jordskjelva er der platene krasjar med kvarandre. Derfor har du hatt store jordskjelv i Nepal, til dømes, som ligg i Himalaya-fjellkjeda, der India krasjar inn i Asia. Du har Afrika, som krasjar inn i Europa, derfor har du mykje jordskjelv i Italia og i Tyrkia. Du har jordskjelv, ikkje minst, i California og USA, der du har den berømte San Andreas-forkastinga. Du kan dra til California i USA, så ser du at ho har rørt på seg, gjerde har flytta på seg og sånn. Og det er fordi Stillehavsplata, den store Stillehavsplata, krasjar inn i Nord-Amerika, eller sklir opp langs Nord-Amerika. Dei hadde eit kjempestort jordskjelv i San Francisco for over 100 år sidan. Så dette er alvorlege ting. Jordskjelv er skummelt, og vi veit jo det. Vi hadde jo det tragiske jordskjelvet i 2004, som førte til at over 200 000 menneske døydde. Ein gigantisk tsunami skylde innover feriestadene i Thailand. Så dette skaper trøbbel, rett og slett. Og ikkje minst i Japan har dei jo òg hatt mange store jordskjelv på grunn av at Stillehavet sklir ned under Japan.
FSN: Du nemnde jo tidlegare denne Himalaya-fjellkjeda som vart laga fordi desse platene krasja. Er det òg sånn med dei norske fjella våre?
RM: Det er litt komplisert akkurat det med dei norske fjella og kvifor vi har fjell i Noreg. Det er faktisk litt krangling blant forskarar. Dei kranglar om stein.
FSN: Dei gjer det, ja?
RM: Dei kranglar om stein. Men, eg vil gjerne trekke linjene litt tilbake. Viss vi hadde vore på Vestlandet for 400 millionar år sidan, kunne du klatra opp på nokre av dei høgaste fjella som har eksistert på kloden.
FSN: Her i Noreg? Har vi hatt det høgaste fjellet i verda i Noreg?
RM: Ja, vi har sannsynlegvis hatt fjell som har vore høgare enn Himalaya-fjellkjeda i Noreg. Det har påverka landskapet i Noreg mykje. Altså, det som skjedde då, grunnen til at vi fekk Himalaya-fjellkjeda i Noreg, den vi kallar Den kaledonske fjellkjeda, var at Nord-Amerika og Europa ... Det heitte jo ikkje Europa og Nord-Amerika den gong, det var jo Det baltiske skjoldet og Laurentia... Dei krasja med kvarandre, akkurat som India krasjar med Asia i dag, og så vart det ei kjempehøg fjellkjede med kanskje 10 000 meter høge fjell.
Og det som er litt gøy med det òg, er at det var eit hav mellom desse to kontinenta før dei krasja. Altså, desse laga med metall, gammal vulkansk havbotn, vart skyvde innover land i Noreg, sånn som til dømes på Røros. Røros var kanskje den viktigaste staden i Noreg på 1700-talet. Vi fekk mykje pengar frå koparen dei har i grunnen, når dei selde koparen som dei vann ut frå gruver på Røros. Og det stammar frå gammal havbotn, som låg i eit hav som er for lengst borte, som låg mellom Laurentia og Det baltiske skjoldet, Nord-Amerika og Europa i dag, på ein måte.
FSN: Så dei som bur på Røros, bur eigentleg på havbotn?
RM: Dei bur faktisk på gammal havbotn. Så det er litt gøy. Og så har dei tent mykje pengar, for det er ressursar nede i jordskorpa. Vi kan jo hente ut kopar, som dei gjorde på Røros. Det er jo henta ut jern mange stader i Noreg. I Finnmark, på ein stad som heiter Bidjovagge, så hadde dei jo gullgruver.
FSN: Gullgruver i Finnmark?
RM: Ja, ja. Du kan vaske gull i elvar og sånn i Finnmark.
FSN: Og dette går under nemninga berggrunnsressursar, ikkje sant?
RM: Ja, det høyrest ut som eit veldig kjedeleg ord, men du skal få lov til å kalle det det.
FSN: Eit utruleg kjedeleg ord.
RM: Ja, men det er ressursar, og det er det jo mange som jobbar med i Noreg, ikkje sant, dei prøver å hente ut desse tinga.
FSN: Kva skjedde med desse? Vi hadde jo verdas høgaste … Kva skjedde med dei?
RM: Godt spørsmål. Nei, altså, alt tek slutt. Sjølv Himalaya kjem til å bli ei slette. Etter kanskje berre 50 millionar år, vart denne fjellkjeda erodert ned, altså forvitra ned. Så då var det eit flatt ... Og det var litt andre grunnar òg, som er litt kompliserte. Men fjellkjeda vart etter kvart borte. Grunnen til at vi har fjell i dag, skyldast faktisk – dei fleste forskarane er einige i det – det skyldast litt at på grunn av at Noreg og USA og Grønland sklir frå kvarandre, så løftar liksom Noreg seg litt opp. Noreg blir liksom løfta. Det er sånne straumar under jordskorpa som gjer at Noreg, heile den norske landsmassen, blir litt løfta opp. Så derfor får du fjell.
FSN: Ja, og det er jo eigentleg bra at vi ikkje har det høgaste fjellet i verda òg her, tenk så …
RM: Det òg, og fjordar!
FSN: Vi hadde jo vore ufyselege, vi hadde vore heilt forferdelege å leve med.
RM: Berre hatt det høgaste fjellet i verda og all oljen.
FSN: Ja, ingen hadde likt oss.
RM: Altså Noreg, vi er litt heldige. Vi har ikkje vulkanar her i dag, utanom langt ute i havet. Det er nesten ikkje nokre jordskjelv, og det er fordi vi ligg veldig langt frå desse plategrensene. Noreg er ganske trygt, det er tjukk skorpe under der vi sit no.
FSN: Dette er musikk i øyra mine.
RM: Ja, no kan du sove godt, det kan du tenke på når du legg deg i natt. Så det er eigentleg litt rart at vi av og til har jordskjelv, og det skyldast nok at Noreg ... Eg nemnde at vi har hatt vulkanar og sånt tidlegare i Oslo. Her er det eit kjempegammalt sår i jordskorpa, eit fleire hundre millionar år gammalt sår, som kan ha litt å seie for at det beveger seg litt der. Og så er det ein annan ting at Noreg har òg hatt mykje ... Viss vi hadde vore her for 20 000 år sidan, hadde det vore to kilometer med is over hovuda våre. Den isen har pressa Noreg ned, og når han smelter, stig Noreg opp igjen. Og i samband med det, har det òg vore ein del jordskjelv.
FSN: Ja, for då er det litt ...
RM: Ja, for då blir heile Noreg pressa ned. Du kan tenke deg kva som skjer då. Viss du berre blir dytta ned i vatnet, liksom ... Ja, det er som om du set deg på ein madrass, ein sånn veldig mjuk madrass, så set du deg ned på madrassen. Då bøyer jo han seg ned, ikkje sant? Så reiser du deg opp, og så tek det jo litt tid før han beveger seg opp igjen. Viss det er ei jordskorpe med stein, kan du tenke deg at det blir litt rørsle og litt skjelv.
FSN: Ja. Tusen takk for praten, Reidar!
RM: Takk sjølv, Fredrik!
FSN: Eg har lært utruleg mykje. Takk skal du ha.
RM: Berre hyggeleg.
F: No er datoen 22. april 2010. Det har gått sju dagar sidan flytrafikken på Island vart stansa. Sofie og familien hennar har derfor vore ei ekstra veke på Island. Utbrotet går framleis føre seg, men det har blitt mindre intenst, og ettersom det no kjem mindre oske ut av vulkanen, er det trygt å fly igjen. Dermed kan Sofie endeleg gå ombord på flyet sitt, og mens det forlèt Island, kikkar ho ut av vindauget. Ho ser ned på Eyjafjallajökull og tenker tilbake på hendinga som har halde familien hennar oskefast på Island den siste veka.
3. Oppgåver til podkasten
Kva er platetektonikk?
Kvifor er det vulkansk aktivitet på Island?
Kva ulike utbrot kan vulkanar ha?
Kva er positivt med vulkanutbrot?
Nemn område i Noreg som tidlegare har hatt vulkansk aktivitet.
Kva område i verda har ofte store jordskjelv, og kvifor?
Nemn nokre døme på ressursar som finst i den norske berggrunnen.
Kvifor kan det skje små jordskjelv i Noreg?
4. Skriv eit samandrag av podkasten
Skriv ditt eige samandrag av podkasten. Skriv 100–200 ord.
Samanlikn samandraget ditt med samandraget til ein medelev.
Juster samandraga viss de ønsker.
For å lære noko må du jobbe med stoffet. Det er nyttig å øve seg på å gjenfortelje og forklare innhaldet med eigne ord. Då blir du òg meir klar over kva du forstår, og kva du ikkje forstår like godt.