På sporet av neste naturkatastrofe

1. Undersøk tidlegare hendingar
Jobb saman grupper på to–fire personar. Vel om de ønsker å fokusere på jordskjelv eller vulkanutbrot i oppgåvene, eller begge deler.
Undersøk tidlegare hendingar, bruk kartet nedanfor, og diskuter spørsmåla.
Framgangsmåte
Bruk kartet nedanfor. De kan òg opne kartet i fullskjermvisning.
Legg til aktuelle kartlag ved å klikke på plussteiknet under kartet. Vel mellom desse kartlaga:
"Global Earthquake Archive": viser oversikt over tidlegare jordskjelvhendingar i verda og er kategorisert etter styrke (magnitude)
"Recent Earthquakes": viser oversikt over dei siste jordskjelvhendingane som er registrerte i verda, og er kategorisert etter styrke (magnitude)
"Significant Global Volcanic Eruptions": viser oversikt over tidlegare vulkanutbrot i verda og er kategorisert etter kor mange liv som gjekk tapt
Vis teiknforklaringa ved å klikke på punktlista til høgre for plussteiknet.
Diskuter spørsmåla med utgangspunkt i kartlaga:
Kvar har dei kraftigaste og mest øydeleggande hendingane skjedd?
Kvar trur de det kan komme ei ny stor hending?
Kva område i verda er mest utsette for jordskjelv eller vulkanutbrot?
2. Kartlegg faresoner
Vurder kvar det er størst fare eller risiko for den aktuelle naturkatastrofen de har valt. Finn tre område de meiner er spesielt utsette.
Diskuter: Kva tre område har størst potensiale for fare/risiko i verda, basert på plassering og konsekvensar hendinga vil ha for menneske?
Framgangsmåte
Bruk framleis karta frå oppgåve 1 og legg til nye kartlag som viser
plategrenser ("Plate Boundaries")
befolkningstettleik ("WorldPop Population Density")
Bruk gjerne òg risikomatrisa for katastrofar:
3. Marker område i kart
Ranger ulike område i verda etter låg, middels eller høg faregrad for den aktuelle naturkatastrofen de har valt, og marker dette i eit kart.
Framgangsmåte
Bruk det same kartet som i oppgåve 1 og 2, med relevante kartlag.
Diskuter og finn to område for kvar faregrad: høg, middels og låg.
Skriv ut det nedlastbare kartet (pdf), og marker områda med ulike fargar etter faregrad: høg (raudt), middels (gult) og låg (grønt).
- Nedlastbart kart(PDF)
4. Presenter funna
Kvar gruppe viser først fram kartet sitt for resten av klassen og grunngir markeringar for ulike faresoner. Diskuter deretter felles i klassen med utgangspunkt i desse spørsmåla:
Kva stader i verda meiner klassen er mest utsette for naturkatastrofar som jordskjelv og vulkanutbrot?
Kva faktorar meiner de har størst innverknad for faregraden?
Kvifor varierer risikoen for ulike naturkatastrofar mellom ulike stader i verda?