Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Vulkanutbrot

Vulkanar ser kanskje ut som vanlege fjell, men inni skjuler det seg enorme krefter. I denne artikkelen får du vite korleis vulkanar blir til, kvifor dei har utbrot, og kva farar og endringar det kan føre til for både menneske og natur.

Korleis oppstår vulkanar?

Vulkanar oppstår når smelta stein, magma, pressar seg opp gjennom sprekkar og opningar i jordskorpa. Når magmaen kjem ut på overflata, kallar vi han lava. Lavaen blir kjølt ned og blir til stein, og over tid bygger dette opp vulkanske fjell. Forma på fjellet avheng av kvar vulkanane oppstår, og kva slags innhald vulkanutbrotet har.

Vulkanar ved plategrenser

Dei fleste vulkanar finst langs plategrensene og blir danna både når beveger seg frå kvarandre (spreiingssoner), og når dei kolliderer (kollisjonssoner). Dette kan skape vulkanske fjellkjeder på land og vulkanske øyer i havet.

I spreiingssoner er lavaen ofte tynn og lettflytande. Han spreier seg utover og bygger vulkanar med slake sider, såkalla skjoldvulkanar. Slike finst ofte på havbotnen der platene glir frå kvarandre. Det skaper midthavsryggar, som over tid kan bli vulkanske øyer.

I kollisjonssoner er lavaen meir tjukk og seig og beveger seg saktare. Lag på lag med seig lava og anna vulkansk materiale som oske bygger opp bratte kjegleforma stratovulkanar. Slike vulkanar kan bli danna både på land og i havet og har i tillegg ofte meir eksplosive utbrot.

Film: Platerørsler

Animasjonsfilmen under (lengde 2:57) viser korleis vulkanar oppstår ved ulike platerørsler.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Varmeflekkar (hotspotar)

Ikkje alle vulkanar ligg langs plategrenser. Nokre stader i mantelen stig ekstra varm magma opp mot jordskorpa. Slike område kallar vi varmeflekkar eller hotspotar. Når magmaen trenger gjennom jordskorpa, får vi vulkanar.

Hawaiiøyene er blitt til fordi stillehavsplata beveger seg sakte over ein varmeflekk. Når plata flyttar seg, blir det danna nye vulkanar som til slutt blir ei øyrekke.

Konsekvensar

Vulkanutbrot kan gjere stor skade på menneske, natur og samfunn. Dei har gjennom historia ført til tap av liv, øydelagde bygningar og beitemarker, hungersnød, skogbrannar, flaum og skred.

Det er vanskeleg å vite nøyaktig når eit vulkanutbrot skjer, men teikn som jordskjelv, gassutslepp eller ras frå vulkanen kan varsle om eit mogleg utbrot og hjelpe til med å avgrense skadane.

Ulike typar utbrot

Kva som skjer under eit vulkanutbrot, avheng av kva vulkansk materiale som kjem ut. Vi skil mellom lava, pyroklastisk materiale og oske og gass.

Lava

Lava er smelta stein som renn ut på overflata. Han kan vere tynn og lettflytande eller tjukk og seig. Lavastraumar kan skade bygningar og natur, men er ofte føreseielege, noko som gjer at ein kan rekke å varsle utsette område.

Pyroklastisk materiale

Pyroklastisk materiale er ei blanding av varme gassar og partiklar som kan strøyme raskt nedover fjellsider. Dette oppstår ofte ved eksplosive utbrot og kan vere svært farleg. Slike utbrot er meir akutt og vanskeleg å forhalde seg til og er ofte ein større fare for menneske.

Oske og gass

Vulkanske gassar som blir sleppte ut frå eit vulkanutbrot, kan danne oskeskyer. Dette kan gi forureina luft og helseproblem, og det kan òg påverke klimaet kortvarig ved å blokkere sollys.

Visste du at vulkanutbrot kan setje ein stoppar for flytrafikken?

Ved vulkanutbrotet på Eyjafjallajökull på Island i 2010 vart det sleppt ut så mykje oske i atmosfæren at flytrafikken i store delar av Europa vart stansa. Mange menneske vart "oskefaste" i fleire dagar, og flyselskapa gjekk med store økonomiske tap.

Vulkanar og ressursutnytting

Vulkanutbrot har òg positive sider. Vulkansk materiale kan innehalde viktige mineral og metall som vi bruker i kvardagen, og sjeldne jordartar finst ofte i vulkanske bergartar. Lava og oske gir òg fruktbar og mineralrik jord som gjer det lettare å drive jordbruk.

I område med vulkansk aktivitet kan ein utnytte energi som er lagra som varme i jordskorpa. Dette blir mellom anna gjort på Island og New Zealand. Her blir geotermisk energi utnytta til å varme opp bygningar, lage straum eller varme opp kjelder som ein kan bade i. Har du nokon gong bada i ei varm kjelde eller sett eit utbrot frå ein ?

Vulkanar og klima

Vulkanutbrot kan òg påverke klimaet. Dei kan sleppe ut svovelgassar som blokkerer noko av sollyset og gir kortvarig nedkjøling. Samtidig slepper vulkanar ut klimagassar som CO2 og vassdamp til atmosfæren, men eitt utbrot åleine vil ikkje kunne auke den globale CO2-mengda. Over lang tid kan likevel mange store vulkanutbrot bidra til global oppvarming.


Test deg sjølv

Kjelder

Bjerknessenteret. (2025, 2. januar). Sol, vulkanutbrudd og CO2. https://bjerknes.uib.no/laer-om-klima-2/faktasider/sol-vulkanutbrudd-og-co2

Spjeldnæs, N., Bryhni, I. & Fossen, H. (2025, 24. mars). Vulkan. I Store norske leksikon. https://snl.no/vulkan

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 12.09.2025