Introduksjon til Indre krefter
1. Film med oppgåver
A. Aktiver forkunnskapane dine
Kva siktar ein til med indre krefter?
Kva trur du meiner ein med at indre krefter bygger opp jordoverflata?
Kva naturkatastrofar kan knytast til indre krefter?
B. Sjå filmen
Sjå filmen Introduksjon til Indre krefter (lengde 2:00).
C. Svar på spørsmåla
Reflekter rundt spørsmåla under åleine i to–tre minutt først. Diskuter deretter spørsmåla i grupper:
Korleis har indre krefter forma landskapet på jordoverflata?
Kvifor oppstår naturkatastrofar som jordskjelv og vulkanutbrot ofte på dei same stadene?
Kva naturressursar er eit resultat av indre krefter i jordskorpa?
Til slutt styrer læraren ein samanfattande klassesamtale.
2. Plasser hendingar i kronologisk rekkefølge
I løpet av jordas historie har det skjedd mange store hendingar. Kanskje har du høyrt om fleire av desse frå før. Når skjedde dei eigentleg? Prøv å plassere nokre hendingar i jordas historie på rett stad (år) på tidslinja her: