Filmar og figurar i Indre krefter
Film: Introduksjon til Indre krefter
Filmen (lengde 2:00) introduserer emnet ved å vise ulike landskap og landsformer påverka av indre krefter og brukast i oppgåva "Introduksjon til Indre krefter".
Film: Platetektonikk
Denne filmen (lengde 3:42) gir ei innføring i rørslene til jordskorpa og blir brukt i artikkelen "Jordskorpa i rørsle".
Film: Platerørsler
Animasjonen (lengde 3:58) viser kva som skjer ved ulike platerørsler, og blir brukt i artikkelen "Jordskorpa i rørsle".
Film: Slik oppsto teorien om platetektonikk
Filmen (lengde 3:36) forklarer korleis den vitskaplege teorien om platetektonikk har utvikla seg, og blir brukt i artikkelen "Jordskorpa i rørsle".
Film: Platerørsler (forkorta versjon)
Animasjonen (lengde 2:57) er ein forkorta versjon av filmen om platerørsler, og tek for seg det som handlar om vulkanisme. Filmen blir brukt i artikkelen "Vulkanutbrot".
Film: Dei tre bergartstypane
Filmen (lengde 7:43) forklarer korleis dei tre ulike bergartstypane har blitt danna, og blir brukt i artikkelen "Korleis bergartar blir danna".
Film: Fra steinalder til bergindustri på 1, 2, 3
Animasjonen (lengde 2:00) viser døme på korleis mineral frå berggrunnen blir utnytta av menneske. Filmen blir brukt i artikkelen "Ressursar i berggrunnen".
Figur: Kart over litosfæreplatene
Figuren viser dei ulike litosfæreplatene og korleis dei beveger seg, og blir brukt i artikkelen "Jordskorpa i rørsle".
Figur: Oppbygninga av jorda
Figuren viser oppbygninga av jorda frå inst til ytst og blir brukt i artikkelen "Jordskorpa i rørsle".
3D-kart: Plategrensene
I kartet kan ein utforske plategrensene ved Island, Riftdalen, Himalaya, Andesfjella, Marianegropa og San Andreas-forkastinga ved hjelp av bokmerke øvst i høgre hjørne. Kartet finst i artikkelen "Jordskorpa i rørsle" og i oppgåva "Teikn og forklar platetektonikk".
Figur: Platetektonikk
Figuren blir brukt i "Test deg sjølv"-oppgåva nedst i artikkelen "Jordskorpa i rørsle" og i artikkelen "Vulkanutbrot".
Figur: Episenter, fokus og forkasting
Figuren viser kva episenter, fokus og forkastning er, og blir brukt i artikkelen "Jordskjelv".
Kart: Dei siste jordskjelvhendingane
Kartet viser dei siste registrerte jordskjelvhendingane i verda. Ved å trykke på ei av hendingane kan du få opp meir informasjon om ho. Kartet blir brukt i artikkelen "Jordskjelv". Du kan opne kartet i fullskjermvisning.
Figur: Styrken på jordskjelvet
Figuren viser korleis jordskjelv med ulik styrke får ulike konsekvensar, og blir brukt i artikkelen "Jordskjelv".
Kart: Vulkanutbrot
Kartet viser vulkanutbrot i verda gjennom tidene. Du kan opne kartet i fullskjermvisning. Kartet blir brukt i artikkelen "Vulkanutbrot".
Kart: Plategrenser, jordskjelv og vulkanisme
Legg til ulike kartlag for å sjå samanhengar mellom plategrenser, jordskjelv og vulkanisme. Kartet blir brukt i oppgåva "På sporet av neste naturkatastrofe". Du kan opne kartet i fullskjermvisning.
Figur: Risiko- og sårbarheitsmatrise
Figuren viser korleis sannsyn og konsekvens har noko å seie for risiko og sårbarheit. Figuren blir brukt i oppgåva "På sporet av neste naturkatastrofe".
Kart: Berggrunnen i Noreg
Kartet viser hovudbergartane, men du må zoome litt inn før bergartane blir viste. Kartet blir brukt i oppgåva "Feltarbeid: Undersøk berggrunnen i nærområdet". Du kan opne kartet i fullskjermvisning.
Kart: Mineralressursar i Noreg
Kartet viser industrimineral, metall og naturstein i Noreg og blir brukt i artikkelen "Ressursar i berggrunnen".