Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Vurderingsressurs
Interaktivt innhald

Indre krefter: Kva kan du no?

Før, undervegs og etter at du har jobba med emnet Indre krefter, kan du bruke denne sida til å teste deg sjølv. Kan du sentrale fakta? Har du forstått fagstoffet så du kan bruke det til noko? Klarer du å diskutere og drøfte spørsmål om indre krefter?

Tips til læraren

Lær fagomgrep med praterobot

Viss du vil la elevane lære fagomgrep til heile faget ved hjelp av praterobot, har vi laga ein eigen artikkel om dette. Der kan elevane finne systeminstruks og fagomgrep frå ulike kapittel som kan leggast inn i prateroboten.

Fagartikkel: Lær geografiomgrep ved hjelp av praterobot

Del oppgåvene med elevane

Ønsker du å dele desse oppgåvene med elevane slik at dei kan notere i eit dokument på datamaskina si eller på læringsplattforma til skulen, kan du bruke denne fila:

Å lære å lære

I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli klar over sin eigen læringsprosess. Denne vurderingsressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli klar over kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.

RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)

I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå: reproduksjon, anvending og vurdering. Denne inndelinga kallar vi RAV.

God kompetanse krev at elevane meistrar alle dei tre nivåa i RAV-modellen, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming til dette. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.

R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.

A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.

V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.

Alle fagemna i geografifaget på NDLA har ein slik vurderingsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.

Har du kontroll på sentrale fagomgrep og fakta?

Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap om indre krefter. Du kan bruke lista, den interaktive oppgåva eller praterobot, vel det som passar best for deg.

Liste: Sentrale fagomgrep og fakta

indre krefter
oppbyggande krefter som kjem frå jordas indre
platetektonikk
teori om korleis jordas ytre lag er delt opp i store plater som beveger seg i forhold til kvarandre
magma
smelta steinmasse som er i jordas indre
litosfæren
det ytste laget til jordklode, består av jordskorpa og den øvste, faste delen av mantelen
mantelen
den største delen av jordas indre som ligg mellom jordskorpa og kjernen
litosfæreplater
plater som jordskorpa og den øvste delen av mantelen er delte inn i, og som beveger seg i forhold til kvarandre
spreiingssone
område der to litosfæreplater glir frå kvarandre
midthavsrygg
vulkansk fjellkjede som oppstår i ei spreiingssone mellom to havbotnplater
riftdal
brei dal som kan oppstå når litosfæreplater glir frå kvarandre
kollisjonssone
område der to litosfæreplater kolliderer med kvarandre
falding
prosess der høgt trykk pressar bergartar saman slik at dei blir bøygde og får eit bølga mønster som blir kalla faldar; fenomenet oppstår ofte i samband med fjellkjededanning
subduksjon
prosess der den tyngste litosfæreplata blir pressa ned under ei anna plate når desse kolliderer med kvarandre
djuphavsgrop
djup kløft på havbotnen som oppstår ved subduksjon
glidegrense
der to litosfæreplater beveger seg sidelengs i forhold til kvarandre
jordskjelvfokuset
området nede i jordskorpa der jordskjelvet oppstår
forkasting
brot i berggrunnen som fører til at to delar av jordskorpa blir forskyvde i forhold til kvarandre
episenter
punktet på jordoverflata rett over eit jordskjelvfokus
moment-magnitudeskala
logartimisk skala som blir brukt i samband med måling av styrken på jordskjelv
tsunami
ei kjempestor bølge som kan oppstå etter jordskjelv, vulkanutbrot eller skred under havoverflata
lava
smelta steinmasse på jordoverflata
varmeflekk (hotspot)
område i mantelen der ekstra varm magma stig mot jordoverflata
pyroklastisk materiale
ei blanding av varme gassar og partiklar som kjem ut ved eksplosive vulkanutbrot
magmatisk bergart
størkningsbergart som blir danna når magma blir avkjølt og størknar til fast stein
sedimentær bergart
avsetjingsbergart som blir danna ved at lausmassar legg seg lag på lag oppå kvarandre og blir pressa saman til fast stein.
metamorf bergart
bergart som er omdanna på grunn av høgt trykk eller høg temperatur
grunnfjell
den gamle berggrunnen i Noreg
mineralressurs
naturressurs som finst i berggrunnen og har økonomisk verdi
metalliske malmar
bergart som inneheld så metallhaldige mineral at det er økonomisk lønnsamt å vinne ut metallet
byggeråstoff
råstoff som sand, grus og pukk
industrimineral
mineral og bergartar som blir brukte i industrien på grunn av dei fysiske eller kjemiske eigenskapane sine (ikkje metallinnhald)
naturstein
bergartar som kan sagast, spaltast eller hoggast

Interaktiv oppgåve

Kan du bruke det du har lært?

Gå gjennom oppgåvene under. Klarer du å bruke kompetansen din til å svare godt og løyse oppgåvene? Eller er det nokre ting du treng å jobbe meir med for å forstå?

Den første oppgåva er interaktiv. Resten er spørsmål utan løysingsforslag slik at du sjølv må vurdere om du har kompetanse til å svare godt på dei.

Var det noko du ikkje kunne svare på?

Les ein eller fleire av fagartiklane under.

Side 1 og 2: Jordskorpa i rørsle

Side 3: Jordskjelv

Side 4: Vulkanutbrot

Side 5: Korleis bergartar blir danna

Side 6: Ressursar i berggrunnen

Kan du diskutere, drøfte og vurdere?

Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp imot kvarandre.

Vel eit av punkta under og diskuter i par eller grupper.

  • Korleis har indre krefter bidrege til å forme jordoverflata slik vi kjenner ho i dag?

  • Kvifor kan kunnskap om platetektonikk og indre krefter bidra til å redusere skadeomfang ved naturkatastrofar?

  • Korleis kan samfunnet utnytte ressursar frå indre krefter på ein berekraftig måte?


Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 13.10.2025