Feltarbeid: Klimatilpassing i nærområdet

1. Førebuing i klasserommet
A. Film og felles diskusjon
Sjå filmen Klimatiltak eller klimatilpassing? (lengde 9:46). Han viser nokre døme på korleis ein kan jobbe med klimatiltak og klimatilpassing i eit område.
Snakk saman i klassen om korleis klimaendringar kan føre til meir nedbør, flaum, skred eller tørke, og kva utfordringar dette kan gi i nærområdet dykkar.
B. Gruppevis førebuing
Jobb i grupper på to–fire elevar. Kvar gruppe formulerer eit spørsmål som de skal undersøke og finne svar på i nærleiken av skulen. Døme på aktuelle spørsmål:
Kva skjer med regnvatnet når det kjem mykje nedbør på kort tid?
Kva tilpassingar har vi for å hindre flaum eller skred?
Finst det vegetasjon eller grøntområde i nærleiken? Korleis kan dette bidra til klimatilpassing?
Finn døme på korleis veg, bygningar eller anlegg i nærområdet er tilpassa til å tole konsekvensar av klimaendringar.
2. Undersøkingar i felt
Gå ut i nærområdet (rundt skulen, i sentrum, langs ei elv eller i eit bustadområde) og finn svar på spørsmålet de ønsker å undersøke. Sjå etter og dokumenter døme på klimatilpassingar. Bruk gjerne mobilkamera og ta notat.
Tips til kva de kan sjå etter
3. Etterarbeid
A. Gruppene deler funna sine
Ta ein runde i klasserommet der kvar gruppe deler funna sine frå feltarbeidet.
Kva klimatilpassingar fann de?
Kor godt meiner de at tilpassingane fungerer i dag?
B. Felles diskusjon
Diskuter desse spørsmåla i klassen:
Korleis kan klimatilpassingar bidra til å førebygge skadar frå klimaendringar?
Kva konsekvensar kunne oppstått utan tilpassingane?
Kva nye klimatilpassingar foreslår de for nærområdet?



