Før, undervegs og etter at du har jobba med emnet Klima, kan du bruke denne sida til å teste deg sjølv. Kan du sentrale fakta? Har du forstått fagstoffet så du kan bruke det til noko? Klarer du å diskutere og drøfte spørsmål om klima og klimaendringar?
Kva konsekvensar vil klimaendringar få for natur og menneske?
Tips til læraren
Lær fagomgrep med praterobot
Om du vil la elevane lære fagomgrep ved hjelp av praterobot, har vi laga ein eigen artikkel om dette. Der kan elevane finne systeminstruks og fagomgrep frå ulike kapittel som kan leggast inn i prateroboten.
Ønsker du å dele desse oppgåvene med elevane slik at dei kan notere i eit dokument på datamaskina si eller på læringsplattforma til skulen, kan du bruke denne fila:
I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli klar over sin eigen læringsprosess. Denne vurderingsressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli klar over kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.
RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)
I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå: reproduksjon, anvending og vurdering. Denne inndelinga kallar vi RAV.
God kompetanse krev at elevane meistrar alle dei tre nivåa i RAV-modellen, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming til dette. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.
R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.
A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.
V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.
Alle fagemna i geografifaget på NDLA har ein slik vurderingsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.
Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap om klima. Du kan bruke lista, den interaktive oppgåva eller praterobot, vel det som passar best for deg.
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta
vêr
det vi opplever av temperatur, skydekke, nedbør og vind frå dag til dag
klima
beskriving av korleis vêret vanlegvis er i eit område over lengre tid (ofte målt over minst 30 år)
lågtrykk
blir danna når varm luft stig og det blir mindre luft ved bakken, noko som gir underskot av luft i eit område
høgtrykk
blir danna når kald luft søkk ned mot bakken og gir overskot av luft i eit område
klimasystemet
består av ulike delar som påverkar klimaet på jorda; luft, hav, landoverflate, is og snø, og organisk liv
atmosfære
luftlaget som er rundt jordkloden
drivhuseffekt
naturleg prosess som gjer at temperaturen på jorda er høg nok til at menneske, dyr og plantar kan leve her
drivhusgassar/klimagassar
gassar i atmosfæren som bidreg til å halde på varme, som vassdamp, karbondioksid og metan
global oppvarming
auke i gjennomsnittstemperaturen på jorda
klimasoner
inndeling av jordkloden etter område med ulike klimaforhold
Golfstraumen
havstraum som fraktar varmt havvatn nordover i Atlanterhavet
klimamodellar
matematiske modellar som blir brukte til å berekne utvikling i klimaet
klimagassutslepp
utslepp av klimagassar/drivhusgassar til luft, ofte kopla til menneskeleg aktivitet
klimaavtrykk
viser kor mykje klimagassar som totalt blir sleppte ut i samband med eit produkt eller av ei bedrift, ein person eller eit land
klimaendringar
endring i dei normale vêrforholda som følge av global oppvarming
vippepunkt
den kritiske grensa der ei lita endring får eit system til å bikke over i ein ny og ofte uoppretteleg tilstand
klimatiltak
tiltak som bidreg til å redusere mengda klimagassar i atmosfæren for å bremse klimaendringane
Parisavtalen
internasjonal klimaavtale, vedteken på klimatoppmøtet i Paris i 2015; går ut på at medlemslanda skal setje seg nye mål om reduksjon av eigne klimagassutslepp kvart femte år og jobbe for å nå måla
klimatilpassing
planlegge og gjennomføre tilpassingar i samfunn og natur for å hindre eller redusere skadar som følge av klimaendringar
klimakvotar
løyve som gir land eller bedrifter rett til å sleppe ut ei bestemd mengde klimagassar, og som kan kjøpast og seljast for å regulere totale utslepp
utsleppsscenario
beskriving av mogleg framtidig samfunnsutvikling og klimautslepp
ekstremvêr
hyppigare og kraftigare vêrhendingar som kan føre til fare for liv og verdiar
sosial sårbarheit
kor utsette menneske og samfunn er for kriser og endringar, og kor godt dei klarer å handtere dei
Gå gjennom oppgåvene under. Klarer du å bruke kompetansen din til å svare godt og løyse oppgåvene? Eller er det nokon ting du treng å jobbe meir med for å forstå?
Oppgåvene her er utan løysingsforslag slik at du sjølv må vurdere om du har kompetanse til å svare godt på dei.
Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp imot kvarandre.
Vel eitt av punkta under og diskuter i par eller grupper.
Diskuter korleis klimaet påverkar kva ressursar menneske kan utnytte i ulike område.
Drøft korleis naturinngrep og klimaendringar heng saman, og kva konsekvensar dette kan få for natur og menneske.
Vurder kva slags utfordringar meir ekstremvêr kan skape for samfunnet, og korleis vi kan redusere konsekvensane.