Hopp til innhald
Nynorsk

Dulting: Gjer skulen meir klimavennleg

Klarer de å dulte skulen til å bli meir klimavennleg? Vi lærer mykje gjennom handling, og i dette opplegget skal de prøve å gjere skulen meir klimavennleg ved hjelp av dulting.

Om emnet

Nokre gonger kan klimaproblemet kjennast stort og uoverkommeleg. Det kan også verke så skremmande at vi blir handlingslamma. I dette undervisningsopplegget skal de derfor gjere noko heilt konkret og forhåpentleg erfare at det nyttar. Du kan gjere ein forskjell! Målet med dette opplegget er å gjere skulen dykkar litt meir klimavennleg.

Vi har laga læringsstien "Dult skulen klimavennleg" med ulike trinn, som til slutt endar opp med oppgåva "Dult skulen meir klimavennleg". Det er ikkje nødvendig å gjennomføre alle trinna i læringsstien først, men spesielt artikkelen "Kva er dulting?" vil vere eit godt utgangspunkt.

Dulting er ikkje nødvendigvis berre knytt til klima, så mykje av innhaldet her kan også brukast i andre tverrfaglege prosjekt eller inn i spesifikke fag. De kan til dømes heller prøve å dulte skulen meir berekraftig med utgangspunkt i FNs berekraftsmål, eller de kan prøve å dulte folk til å ta meir helsefremmande val. Her er det mange moglegheiter!

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 15.04.2026