Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Klimatiltak og klimatilpassing

Klimatiltak og klimatilpassing handlar om korleis vi kan bremse klimaendringane, samtidig som vi tilpassar oss eit klima som allereie er i endring. Her ser vi på kva forskjellen mellom desse omgrepa er, og døme på korleis vi kan jobbe for ei tryggare framtid.

Klimatiltak og klimatilpassing

Klimaendringane er eit globalt problem, og vi ser allereie konsekvensar som påverkar menneske, natur og samfunn fleire stader i verda. Sjølv om klimaendringane allereie skjer, er det framleis mogleg å hindre dei verste utfalla. For å bremse den globale temperaturauken og unngå store konsekvensar av klimaendringar, er det viktig å setje i verk klimatiltak som kan redusere mengda klimagassar i atmosfæren.

Likevel vil nokre konsekvensar av klimaendringane gjere at vi må tilpasse oss andre klimaforhold i åra framover. Vi må skape robuste samfunn som kan takle framtidige hendingar med meir og heftigare ekstremvêr, flaumfare og tørkeperiodar. Å ha fokus på klimatilpassing vil bidra til å hindre eller redusere store skadar. Det kan òg innebere å utnytte moglegheiter ved endringar i klimaet.

Arbeid med klimatiltak og klimatilpassing går føre seg både på globalt og nasjonalt nivå, men også meir lokalt i kvar enkelt kommune.

Film: Klimatiltak eller klimatilpassing?

I filmen (lengde 9:46) blir det presentert døme på korleis nokre stader i Noreg jobbar med klimatiltak og klimatilpassing.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Klimatiltak

Klimatiltak inneber strategiar og handlingar som påverkar samfunnet vårt og måten vi lever på.

For å avgrense menneskeskapte klimaendringar må vi innføre klimatiltak for å redusere klimagassutslepp. Dei største utsleppa kjem frå produksjon av energi, industri, transport, matproduksjon og arealbruk, så det er i desse sektorane vi kan gjennomføre tiltak som vil redusere mengda klimagassar som blir slopne ut i atmosfæren.

Døme på klimatiltak

  • erstatte fossile brennstoff med fornybar energi

  • elektrifisering av bilar, bussar og ferjar

  • meir plantebasert kosthald og mindre matsvinn

  • meir fokus på gjenbruk og resirkulering

  • karbonfangst og -lagring

  • unngå avskoging

Kva gjer Noreg for klimaet?

Mange land, inkludert Noreg, har etablert mål om å redusere eigne klimagassutslepp gjennom . Regjeringa har lovfesta konkrete mål i klimalova. Noreg har mellom anna som mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Dette inneber at vi skal redusere utsleppa våre med 9095 prosent, samanlikna med 1990-nivået. Det er Klima- og miljødepartementet som har det overordna ansvaret for dette arbeidet i Noreg.

Noreg har òg klimamål om å redusere eigne utslepp med minst 55 prosent innan 2030 og med minst 7075% innan 2035, samanlikna med 1990-nivået (Klima- og miljødepartementet, 2025, s. 6).

Noreg har redusert utsleppa sidan 1990, men ikkje så mykje som måla for 2030 og 2035 krev. Dei største utsleppskjeldene kjem frå olje- og gassutvinning, industri og vegtrafikk. For at Noreg skal nå klimamåla sine, må det setjast i verk fleire omstillingar i samfunnet. Nokre av tiltaka som det blir jobba med i dag, er

  • tiltak for å redusere utslepp frå olje- og gassproduksjon

  • elektrifisering og utsleppsfrie løysingar for vegtrafikk, tog og ferjer

  • styrking av klimavennleg produksjon innan industri og energiforsyning

  • CO2-avgifter, kvotesystem og økonomiske støtteordningar for å gjere grøne val billigare og forureining dyrare

Kva kan du gjere?

Det er ikkje berre politikarane som kan ta ansvar for å stoppe klimaendringane. Vi som enkeltmenneske kan òg ta meir miljøvennlege val som vil bidra til å redusere dei menneskeskapte klimagassutsleppa.

Nokre døme på klimatiltak som vi enkelt kan gjere, er å

  • reise mindre eller reise meir klimavennleg

  • ete mindre kjøtt og kaste mindre mat

  • ha eit lågare forbruk ved å kjøpe mindre og satse meir på gjenbruk

  • kjeldesortere og resirkulere

Klimatilpassing

Menneske og økosystem har allereie blitt utsette for skadar i samband med klimaendringar. For å hindre eller avgrense skadar i åra framover må samfunnet gjere nokre grep. Arbeid med klimatilpassing inneber å førebu samfunnet og naturen på at klimaet endrar seg.

Tilpassingar i samfunnet

Klimatilpassing i samfunnet handlar om å gjere samfunnet betre rusta mot ekstremvêr. Det betyr at vi vurderer risiko for naturskadar og planlegg tiltak som gjer at vi kan unngå eller redusere skadar.

Til dømes kan vegar, bygningar og straumnett byggast slik at dei toler meir nedbør og sterkare vind. Vi kan òg sikre rasutsette område eller verne område som ofte blir ramma av flaum eller overfløymingar.

Tilpassingar i naturen

Klimatilpassing i naturen inneber å ta vare på urørt natur og gjere utbetringar i natur som er skadd.

Myrområde og naturlege elveløp gjer at regnvatn samlar seg opp og renn saktare, noko som kan hindre flaumskadar på vegar og bygningar. Skog og annan vegetasjon kjøler ned lufta gjennom fordamping og bidreg til lågare temperaturar. Klimaendringar fører til at dyr, plantar og andre levande organismar må tilpasse seg nye miljø eller flytte til område der forholda er betre.

Kva klimatilpassingar blir gjorde i nærområdet ditt? Undersøk det med oppgåva "Feltarbeid: Klimatilpassing i nærområdet".

Test deg sjølv

Kjelder

Benestad, R., Lahn, B. & Halleraker, J. H. (2025, 21. juli). Klimatilpasning. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimatilpasning

FN-sambandet. (2025, 28. mai). Stoppe klimaendringene. https://fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal/stoppe-klimaendringene

Klima- og miljødepartementet. (2025). Regjeringens klimastatus og -plan for 2026. https://www.regjeringen.no/contentassets/2f9d09306aab43d4b277a8952beeacd3/no/pdfs/regjeringens-klimastatus-og-plan-for-2026.pdf

Ratikainen, I. I. (2021, 4. juni). Klimatilpasninger i naturen. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimatilpasninger_i_naturen

Røyne, A. (2023). Klimaendringer enkelt forklart. Universitetsforlaget.

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 24.04.2026