Introduksjon til Klima
1. Film med oppgåver
A. Aktiver forkunnskapane dine
Diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen:
Kva er forskjellen mellom vêr og klima?
Korleis varierer klimaet mellom ulike stader på jorda?
B. Sjå filmen
Sjå filmen Introduksjon til klima (lengde 2:05).
C. Svar på spørsmåla
Reflekter rundt spørsmåla på eiga hand først. Diskuter deretter spørsmåla i mindre grupper:
Kva er global oppvarming, og kvifor skjer det?
Kva konsekvensar vil global oppvarming ha for menneske og natur?
2. Einig, usikker eller ueinig?
Jobb saman i grupper på tre–fire elevar. De skal no gjennomføre eit spel med ulike klimapåstandar for å reflektere rundt eigen kunnskap om temaet. Det er ikkje sikkert at påstandane har eitt rett svar, så her er det mogleg å grunngi om de er einige eller ikkje, med ulike innfallsvinklar.
De treng: spelbrett (skrive ut av læraren), spelbrikker, pc til å vise påstandar.
Bruk éin pc på gruppa til å vise fram klimapåstandane som ligg nedst på denne sida, gjerne i fullskjermvisning. De skal ha kvar dykkar brikke til spelbrettet.
Framgangsmåte
Ein elev les opp første påstand og plasserer spelbrikka si på spelbrettet (einig, usikker eller ueinig) med ei kort grunngiving.
Dei andre i gruppa plasserer brikkene sine etter tur (med klokka) og grunngir valet sitt.
Når alle har plassert brikka, kan dei som ønsker, flytte henne ved å grunngi kvifor dei ombestemmer seg.
Deretter går de vidare til neste påstand. Ein ny elev startar, og de følger framgangsmåten igjen. Hald fram til de har gått gjennom alle påstandane.