I denne oppgåva skal du undersøke kor sterkt klimaendringar og ekstremvêr kan påverke livet til familiar ulike stader i verda.
Store øydeleggingar etter flaum i Spania
Til læraren
Denne oppgåva er ein kortare og justert versjon av oppgåva "Sosial sårbarheit rundt om i verda", som finst under tverrfaglege tema hos NDLA. Det er òg mogleg å bruke denne versjonen som utgangspunkt i klasserommet.
Sosial sårbarheit handlar om at nokre menneske eller område er meir sårbare enn andre på grunn av sosiale forskjellar, der økonomi speler ei viktig rolle. Det kan vere store forskjellar i sosial sårbarheit mellom ulike land, men også internt i eit land.
Besøk familien i landet ditt i boksane lenger ned på sida og sjå korleis dei lever. Bruk informasjonen du finn i boksen, og eventuelt anna fagstoff og annan statistikk om landet til å svare på oppgåvene:
Vurder den sosiale sårbarheita til familien i landet basert på følgande:
økonomi/inntekt/utdanning
bustadkvalitet og infrastruktur
tilgang til helsetenester
Vurder korleis familien i landet kan rammast av ulike ekstremvêr som
Bustadområde: tettbygd bustadområde med asfaltert gate
Bustad: einebustad med fleire etasjar og nødvendige fasilitetar, enkel innreiing
Eigedelar: Familien har nødvendige eigedelar som dei treng i kvardagen, som klede, sko, leiker, elektronikk.
Helsetilbod: USA har eit avansert helsesystem med høg kvalitet, men det er dyrt, og mange må betale mykje sjølv.
Familien Melissa
Huset til familien Melissa
Kjøkkenet til familien Melissa
Kvardagsskoa til guten
Finn meir informasjon om leveforholda til familien på sida til Gapminder.
Besøk ein familie i Haiti, familien Pierro
Kven: mor og fire barn
Økonomi: 406 kroner per vaksen per månad
Bustadområde: fleire skur innanfor eit lite område, landleg plassering
Bustad: skur som er bygd av blekkplater, og som ikkje har vindauge eller ordentlege dører, det er ingen tilgang til elektrisitet eller innlagt vatn
Eigedelar: har få og slitne eigedelar og manglar nødvendig utstyr
Helsetilbod: Haiti er eit av dei fattigaste landa i verda med eit svært dårleg helsetilbod til innbyggarane. Landet er avhengig av internasjonal hjelp.
Familien Pierro
Skuret familien Pierro bur i
Kjøkkenet til familien Pierro
Sandalar som mora brukar
Finn meir informasjon om leveforholda til familien på sida til Gapminder.
Besøk ein familie i Brasil, familien Hilgenstieler
Kven: mor, far og dotter
Økonomi: 8 954 kroner per vaksen per månad
Bustadområde: fleire små murhus på kvar side av ein grusveg
Bustad: lite murhus med éin etasje, med elektrisitet og innlagt vatn
Eigedelar: har tilgang til nødvendige eigedelar som klede, sko, leiker, elektronikk og bil
Helsetilbod: Brasil har eit offentleg helsevesen med gratis grunnleggande helsetenester, men med noko varierande kvalitet.
Familien Hilgenstieler
Gata der familien Hilgenstieler bur
Kjøkkenet til familien Hilgenstieler
Skoa til familien Hilgenstieler
Finn meir informasjon om leveforholda til familien på sida til Gapminder.
Besøk ein familie i Sverige, familien Lyckner
Kven: mor, far og tre barn
Økonomi: 31 761 kroner per vaksen per månad
Bustadområde: mindre bustadområde i landlege omgivnader
Bustad: ny og stor einebustad over to etasjar, med moderne og gode fasilitetar
Eigedelar: godt utval av personlege eigedelar som klede, sko, leiker, elektronikk og bil
Helsetilbod: Sverige har eit offentleg helsevesen med høg kvalitet og små sosiale forskjellar.
Familien Lyckner
Gata der familien Lyckner bur
Kjøkkenet til familien Lyckner
Kvardagsskoa til mora i huset
Finn meir informasjon om leveforholda til familien på sida til Gapminder.
Besøk ein familie i Rwanda, familien Niyonsaba
Kven: to vaksne og tre barn
Økonomi: 4 055 kroner per vaksen per månad
Bustadområde: små murhus som ligg landleg til, grusveg med lite trafikk
Bustad: lite murhus med innlagt vatn og noko elektrisitet, dårlege fasilitetar elles
Eigedelar: har noko tilgang til nødvendige eigedelar som klede, sko og elektronikk
Helsetilbod: I Rwanda er det avgrensa tilgang til medisinske fasilitetar.
Familien Niyonsaba
Gata der familien Niyonsaba bur
Kjøkkenet til familien Niyonsaba
Kvardagsskoa til familien Niyonsaba
Finn meir informasjon om leveforholda til familien på sida til Gapminder.
Besøk ein familie i Kina, familien Wu
Kven: mor, far, dotter og bestemor
Økonomi: 32 657 kroner per vaksen per månad
Bustadområde: trafikkert gate med fleire bustadblokker i ein storby
Bustad: leilegheit i bustadblokk med fleire etasjar, leilegheita har nødvendige fasilitetar
Eigedelar: godt utval av personlege eigedelar som klede, sko, leiker og elektronikk
Helsetilbod: Kina har eit stort helsevesen der dei fleste har tilgang til behandling, men kvaliteten varierer mellom by og land. Delar av kostnadene må ein dekke sjølv.
Familien Wu
Gata utanfor blokka til familien Wu
Kjøkkenet til familien Wu
Skoskapet til familien Wu
Finn meir informasjon om leveforholda til familien på sida til Gapminder.
Gå saman i gruppene og presenter kort kva de har funne ut om sosial sårbarheit i kvart av landa, og korleis familien vil rammast av moglege ekstremvêr.
Reflekter og diskuter følgande spørsmål saman i gruppa:
Kva land og familiar vil rammast hardast av ekstremvêr, og kvifor?
Kven har best høve til å tilpasse seg klimaendringar?
Noter ned på ein lapp (eventuelt post-it), som du leverer til læraren eller klistrar på døra på veg ut av timen:
Kva to faktorar meiner du har mest å seie for sosial sårbarheit?
Tips til læraren
Samle inn exitlappane frå elevane og samanfatt timen med faktorane som elevane har skrive, eventuelt start neste time med å vise ei oversikt over kva elevane har svart. Då har du høve til å lage ei betre oversikt som ei ordsky eller eit passande diagram.