Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Filmar og figurar i Klima

Her har vi samla filmar og figurar i emnet Klima. Vi har òg lenka til relevante fagartiklar og oppgåver.

Film: Introduksjon til Klima

Filmen (lengde 2:05) introduserer emnet ved å vise ulike klipp og stille nokre opne spørsmål knytte til klima, global oppvarming og konsekvensar av dette. Filmen blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Klima".

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Film: Vêr og klima

Filmen (lengde 5:11) forklarer forskjellen på vêr og klima, og korleis det globale klimasystemet heng saman og fungerer. Filmen blir brukt i artikkelen "Klimasystemet".

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Film: Kvar tidel tel

Filmen (lengde 6:50) forklarer nokre av konsekvensane av global oppvarming og om kvifor kvar tidel tel. Filmen blir brukt i artikkelen "Konsekvensar av klimaendringar".

Video: Leidar / CC BY-ND 4.0

Film: Klimatiltak eller klimatilpassing?

Filmen forklarer forskjellen på klimatiltak vi må gjennomføre for å få ned klimagassutsleppa, og klimatilpassingar vi må gjere for å tilpasse oss eit endra klima. Filmen blir brukt i artikkelen "Klimatiltak og klimatilpassing" og i oppgåva "Feltarbeid: Klimatilpassing i nærområdet".

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Film: Klimagassutslepp: Korleis måler vi dei? Og kven har skylda?

Filmen (lengde 4:59) forklarer at ulike måtar å måle klimagassutsleppa på gir ulike resultat, noko som bidreg til ueinigheit om korleis vi skal få ned utsleppa. Filmen blir brukt i artikkelen "Kvifor gjer vi ikkje meir med klimaendringane?".

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Figur: Klimasoner

Kartet viser ei grov inndeling av klimasonene på jorda og blir brukt i artikkelen "Klimasystemet" og oppgåva "Ressursutnytting i ulike klimasoner".

Figur: Endringar i klimasoner i Noreg

Kartet viser korleis klimasonene i Noreg har endra seg mellom to klimanormalar, og blir brukt i artikkelen "Klimasystemet".


Figur: Temperaturendring samanlikna med førindustriell tid

Den interaktive figuren viser temperaturendring i verda frå 1850 til 2025 samanlikna med førindustriell tid. Figuren blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Tabell: Temperaturendringar sidan førindustriell tid

gjennomsnittstemperatur samanlikna med førindustriell tid

1850

1875

1900

1925

1950

1975

2000

2025

-0,06 °C0,00 °C0,13 °C0,08 °C0,12 °C0,26 °C0,69 °C1,41 °C

Figur: Global oppvarming med og utan menneskeleg påverknad

Figuren viser simuleringar med avanserte klimamodellar. Den observerte globale oppvarminga kan berre forklarast når vi tek med menneskeleg påverknad. Figuren blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".


Figur: CO₂-utslepp etter sektor

Den interaktive figuren viser CO₂-utsleppa i verda fordelt på ulike sektorar og blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Tabell: CO₂-utslepp etter sektor

CO₂-utslepp etter sektor i verda, i milliardar tonn

Sektor

1990

2000

2010

2020

2023

elektrisitet og varme8,6210,614,215,317,0
transport4,625,787,027,248,28
industri, bygg og anlegg3,943,825,995,996,16
bygningar2,612,552,752,792,68
industri (prosessutslepp)0,490,721,251,631,55
luftfart og sjøfart0,630,861,130,921,21
anna forbrenning0,750,510,610,570,59
flyktige utslepp0,260,310,260,260,27
arealbruksendringar og skogbruk2,041,910,08-0,210,24

Figur: Noregs klimagassutslepp fordelt på sektorar

Figuren viser Noregs klimagassutslepp fordelt på sektorar og blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Forklaring til figuren og tabell

Figuren viser endringar i dei viktigaste utsleppskjeldene for Noreg mellom 1990 og 2024. Utsleppa er gitt i millionar tonn CO2-ekvivalentar, ei felles måleining som blir brukt for å samanlikne klimaeffekten av ulike klimagassar.

Norske klimagassutslepp 19902024 i millionar tonn CO₂-ekvivalentar

Sektor

1990

2000

2010

2020

2024

olje- og gassutvinning8,2513,1613,7913,1611,02
industri19,1416,8212,0311,2610,56
vegtrafikk7,438,379,998,357,52
annan transport5,36,57,197,387,32
jordbruk4,924,664,424,634,41
avfall2,772,462,392,312,05
andre kjelder0,641,032,91,761,22
oppvarming og bygg2,761,932,010,520,53

Figur: Endringar i Noregs klimagassutslepp sidan 1990

Figuren viser summen av Noregs klimagassutslepp og endringar i dei ulike sektorane frå 1990 til 2024. Figuren blir brukt i artikkelen "Klimatiltak og klimatilpassing".

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Forklaring til figuren og tabell

Figuren viser endringar i Noregs totale klimagassutslepp mellom 1990 og 2024 og fordelinga av utslepp frå ulike kjelder. Utsleppa er gitt i millionar tonn CO2-ekvivalentar, ei felles måleining som blir brukt for å samanlikne klimaeffekten av ulike klimagassar.

Endringar i Noregs klimagassutslepp 19902024 i millionar tonn CO-ekvivalentar

Sektor

1990

2000

2010

2020

2024

olje- og gassutvinning8,2513,1613,7913,1611,02
industri og bergverk19,1416,8212,0311,2610,56
energiforsyning0,340,492,451,711,14
oppvarming i andre næringar og hushald2,761,932,010,520,53
vegtrafikk7,438,379,998,357,52
luftfart, sjøfart, fiske og motorreiskapar m.m.5,36,57,197,387,32
jordbruk4,924,664,424,634,41
andre kjelder3,073,012,842,362,13

Figurar: Dei ulike målemetodane for klimagassutslepp

Dei fire karta viser korleis ulike måtar å måle klimagassutsleppa på gir ulike resultat, og blir brukt i artikkelen "Kvifor gjer vi ikkje meir med klimaendringane?".

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 22.06.2026