Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Klimasystemet

Klimaet på jorda blir bestemt av eit naturleg samspel mellom sol, luft, hav og land. No skal vi sjå nærmare på kva klima er, kvifor klimaet er ulikt i verda, og korleis dette heng saman med drivhuseffekten og global oppvarming. Kvifor skil det norske klimaet seg ut?

Vêr og klima

Vêr er det vi opplever frå dag til dag, som temperatur, vind og nedbør. Klima er ei beskriving av korleis vêret vanlegvis er i eit område over lengre tid (ofte målt over minst 30 år).

Klimaet på jorda varierer frå stad til stad og blir påverka av fleire faktorar. Ein viktig faktor er kvar på jordkloden eit område ligg. Ulike stader får ulik mengde solstråling i løpet av året, noko som har betydning for temperaturen. Avstand til havet speler også ei rolle. Havet har stor varmekapasitet, som betyr at det blir varma opp og avkjølt sakte. I tillegg påverkar høgde over havet klimaet. Jo høgare opp ein kjem, desto kaldare blir det. Saman påverkar desse faktorane temperatur-, vind- og nedbørsforhold på jorda.

Temperatur

Solinnstrålinga er sterkast i område nær ekvator og gir høge lufttemperaturar her gjennom heile året. Lengre nord og sør på jordoverflata er det mindre solinnstråling, noko som gjer at lufttemperaturen vil vere lågare i desse områda, og det blir større forskjellar mellom årstidene. Luft- og havstraumar jamnar ut noko av temperaturforskjellane på jorda ved å frakte varme frå ekvator og mot polane.

Vind

Vind oppstår når temperaturforskjellar set lufta i rørsle. Varm luft er lettare enn kald luft og vil dermed stige. Når oppvarma luft stig, blir det mindre luft ved bakken. Underskot av luft dannar eit lågtrykk. Andre stader vil kald luft søkke ned mot bakken og føre til overskot av luft. Dette dannar eit høgtrykk.

Det blir vind når lufta beveger seg frå område med høgtrykk til område med lågtrykk. Jo større trykkforskjellane er, jo sterkare blir vinden. Vind kan oppstå lokalt ein stad, men førekjem òg i større skalaer med globale forskjellar i lufttrykket.

Nedbør

Vi får nedbør når luft blir pressa oppover og blir avkjølt. Når varm og fuktig luft stig og blir avkjølt, klarer ikkje lufta å halde på vassdampen særleg lenge. Vassdampen byrjar då å kondensere til små vassdropar. Når mange vassdropar samlar seg, vil dei danne skyer. I skyene vil vassdropane kollidere og bli til større vassdropar, som fell ned mot jordoverflata som nedbør om dei blir store nok.

Nedbør oppstår ofte i samanheng med soloppvarming av lufta, møte mellom kald og varm luft eller at fjell pressar lufta til vêrs.

Klimasystemet

Sola er den viktigaste drivkrafta i klimasystemet. Forskjellar i solinnstråling mellom ekvator og polane set i gang ulike prosessar som bestemmer korleis klimaet er på ulike stader på jordkloden.

Klimasystemet er samansett og består av ulike delar som påverkar kvarandre: landoverflata (litosfæren), lufta (atmosfæren), hav og vatn (hydrosfæren), is og snø (kryosfæren) og organisk liv (biosfæren). Små endringar i eit system vil òg ha innverknad på dei andre systema.

Film: Klimasystemet

I denne animasjonsfilmen (lengde 5:11) får du ei innføring i prosessar som påverkar klimaforhold på kloden vår.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Drivhuseffekten

Drivhuseffekten er ein naturleg prosess der gassar i held på varme og gjer at jorda ikkje blir for kald. Desse gassane blir kalla drivhusgassar eller klimagassar.

Dei viktigaste drivhusgassane er vassdamp (H2O) og karbondioksid (CO2). Andre drivhusgassar er metan (CH4), lystgass (N2O) og ozon (O3).

Drivhuseffekten bidreg til levelege forhold for menneske, dyr og plantar på jorda. Utan drivhuseffekten ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore -18 grader i staden for dagens 15 grader.

Den naturlege drivhuseffekten skaper ein balanse mellom innstråling og utstråling av varme på jordkloden, og kor mykje som blir halde igjen av drivhusgassane. Vi menneske er med på å forsterke drivhuseffekten gjennom aktivitetar som slepp ut meir drivhusgassar til atmosfæren. Auka drivhuseffekt får konsekvensar for klimaet på jorda.

Undersøk faktorar som påverkar drivhuseffekten, ved å klikke på element i figuren:

Levetid på drivhusgassar i atmosfæren

Levetida til drivhusgassane handlar om kor lenge eit molekyl av gassen oppheld seg i atmosfæren i gjennomsnitt.

  • Vassdamp har størst drivhuseffekt, men kort levetid i atmosfæren (cirka ei veke eller to).

  • Karbondioksid har ei levetid på 50200 år.

  • Metan har ei levetid på cirka tolv år, men har stor verknad på klimaet dei første 20 åra etter utslepp.

  • Lystgass har ei levetid på 120 år.

Levetida er viktig fordi ho avgjer kor lenge ein drivhusgass påverkar temperaturen på jorda. Gassar som forsvinn raskt, gir kortvarig oppvarming, mens gassar som blir verande lenge, bidreg til meir varig oppvarming.

Global oppvarming

Global oppvarming betyr at gjennomsnittstemperaturen på jordkloden aukar. Dette heng saman med ein forsterka drivhuseffekt. Når det blir for mykje drivhusgassar i atmosfæren, vil desse halde igjen på meir varme. Dermed blir det sleppt ut for lite varme, og temperaturen på jorda vil auke.

Den globale oppvarminga vil ha innverknad på ulike delar av klimasystemet og vil føre til endringar i klimaet på jorda. Dette vil gi store konsekvensar for menneske og natur. For å avgrense den globale temperaturauken er det derfor viktig å ikkje sleppe ut for mykje drivhusgassar til atmosfæren.

Klimaet i verda

Klimaforholda på jorda varierer som tidlegare nemnt på grunn av faktorar som breiddegrad, nærleik til hav og høgde over havet. Dette gjer at vi kan dele jordoverflata inn i ulike klimasoner etter temperatur og nedbør.

Sjekk kva som kjenneteiknar dei ulike klimasonene, og kvar dei er:

Klimasoner

Globalt sett kan vi dele klimaet på jordkloden inn i ulike typar. Köppens klimaklassifikasjon er den mest kjende inndelinga av ulike klimasoner:

tropisk klima
finst i områda rundt ekvator, der solinnstrålinga er sterk gjennom heile året, noko som fører til høge temperaturar og mykje nedbør
subtropisk klima
høgtrykksområde nord og sør for den tropiske sona (cirka 30 grader nord og sør for ekvator) med tørt og meir stabilt klima med relativt høge temperaturar og lite nedbør
varmtemperert klima
varierande klima etter plassering (kyst/innland), som kan gi nedbør gjennom heile året eller lengre periodar med tørke
kaldtemperert klima
for det meste på den nordlege halvkula, område med nedbør gjennom heile året og tydelege årstider, kalde vintrar og varme somrar.
arktisk klima
kaldt klima i områda lengst nord og sør på jordkloden, med innlandsisar og isbrear (høgde over havet kan òg føre til at andre område på jordkloden har eit arktisk klima)

Tenk over

Kvifor er det ikkje tørt i område som er i nærleiken av ekvator, der solinnstrålinga er sterkast?

Klimasoner i endring

Global oppvarming fører til endringar i klimaet i ulike delar av verda, og derfor flyttar klimasonene på seg. Auka temperaturar og endring i gjennomsnittlege nedbørsmønster kan ha konsekvensar for både natur og menneske. Kvar trur du dei største endringane vil skje i verda?

Klimaet i Noreg

Klimaet i Noreg er mildare samanlikna med andre område som er på same breiddegrad. Hovudårsaka til dette er ein kombinasjon av varme havstraumar (Golfstraumen) og vindsystem som fraktar varme nordover langs kysten vår.

Noreg er eit langstrekt land med store forskjellar i vêr- og klimaforhold. Langs kysten finn vi område med varmtemperert klima, mykje nedbør og relativt milde vintrar. I delar av innlandet er klimaet meir kaldtemperert med mindre nedbør og tydelege forskjellar mellom sommar og vinter. Lengre nord og i høgfjellet kan vi finne område med arktisk klima. Elles vil topografi og geografiske forhold med djupe fjordar, tydelege dalar og fjellområde gjere at klimaet i Noreg kan variere lokalt frå stad til stad.

I kartet nedanfor kan vi sjå at nokre område i Noreg har endra kva klimasone dei er i, frå 19611990 til 19912020. Kva endringar har skjedd?

Test deg sjølv

Kjelder

Dannevig, P. & Harstveit, K. (2025, 2. juli). Klima. I Store norske leksikon. https://snl.no/klima

Mamen, J. (2025, 18. november). Klimasoner. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimasoner

Mamen, J. & Benestad, R. (2024, 27. november). Drivhuseffekten. I Store norske leksikon. https://snl.no/drivhuseffekten

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 29.10.2025