Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Årsaker til klimaendringane

Klimaet på jorda blir varmare, og vi kan allereie merke fleire konsekvensar av det. Her lærer du om kva som forårsakar klimaendringar, og korleis menneskeleg aktivitet påverkar klimaet.

Ein varmare jordklode

Sidan slutten av 1800-talet har gjennomsnittstemperaturen på jorda auka med litt over ein grad (FN-sambandet, 2025; Mamen & Benestad, 2025b). Mesteparten av oppvarminga har skjedd etter 1950.

Éin grad høyrest kanskje lite ut, men ein slik temperaturauke vil påverke klimaet på jorda. Oppvarminga er heller ikkje lik overalt. Nokre stader blir varmare enn andre, og det er områda rundt polane som blir varma opp raskast.

Endringane i klimaet påverkar ulike delar av klimasystemet og fører til konsekvensar for menneske, samfunn og natur. Les meir i artikkelen "Konsekvensar av klimaendringar".

Bruk animasjonen under til å undersøke korleis den globale temperaturen har endra seg sidan 1850.

Tabell: Temperaturendringar sidan førindustriell tid

gjennomsnittstemperatur samanlikna med førindustriell tid

1850

1875

1900

1925

1950

1975

2000

2025

-0,06 °C0,00 °C0,13 °C0,08 °C0,12 °C0,26 °C0,69 °C1,41 °C

Årsaker til oppvarminga

Klimaet på jorda har alltid endra seg, òg lenge før menneska fanst. I løpet av millionar av år har vi hatt både varme og kalde periodar på jorda. Det finst ulike naturlege variasjonar som kan gjere klimaet både varmare og kaldare. Det kan du lese meir om i boksen nedanfor ("Naturlege variasjonar i klimaet").

Dei naturlege endringane kan likevel ikkje forklare den raske temperaturauken vi har sett dei siste 200 åra. Derfor må vi sjå nærmare på korleis menneske påverkar klimasystemet.

Menneskelege handlingar fører til meir utslepp av klimagassar. Desse gassane forsterkar drivhuseffekten og gjer at temperaturen på jorda stig. Sidan starten av den industrielle revolusjonen på slutten av 1700-talet har menneskelege utslepp auka kraftig. Klimamodellar viser ein tydeleg samanheng mellom høgare utslepp og høgare global temperatur. I dag kan vi seie sikkert at den globale oppvarminga i all hovudsak er menneskeskapt.

Menneskeleg påverknad

Den globale oppvarminga heng saman med at mengda drivhusgassar i atmosfæren har auka. Denne auken kjem i stor grad av korleis vi menneske lever, produserer og forbruker.

Sidan starten av 1900-talet har befolkninga i verda vakse frå rundt to milliardar til over åtte milliardar menneske. Fleire menneske og høgare levestandard betyr større behov for energi, mat og transport. skaut òg fart utover 1900-talet og førte til høgare utslepp av klimagassar.

Globalt står bruk av fossilt brensel (olje, kol og gass) for store utslepp, særleg gjennom energiproduksjon, industri og transport. Lokalt kan òg endringar i landskapet, som avskoging og utbygging av natur, påverke klimaet.

Klimagassutsleppa i verda

Kor store klimagassutslepp menneske står for, varierer mykje mellom ulike land. Kina, USA og India er landa med størst CO2-utslepp i verda, og Kina slepper i dag ut mest. Ein del av utsleppa i Kina heng saman med at landet produserer varer som blir til andre delar av verda. Produkta blir brukte i andre land, men utsleppa skjer i Kina der varene blir laga.

I internasjonale klimaavtalar blir klimagassutsleppa berekna i dei landa der produksjonen skjer. Det betyr at landet som lagar varene, får ansvaret for utsleppa, sjølv om forbrukarane og etterspurnaden kjem frå andre land. Dette gjer at vi må stille oss eit viktig spørsmål: Er det rettferdig å samanlikne land berre ut frå kor store totale utslepp dei har?

Utsleppa av klimagassar kjem frå ulike delar av samfunnet. Bruk animasjonen nedanfor og undersøk kva sektorar som står for dei største utsleppa i verda. Sjekk gjerne òg korleis dette varierer mellom ulike land.

Tabell: CO₂-utslepp etter sektor

CO-utslepp etter sektor i verda, i milliardar tonn

Sektor

1990

2000

2010

2020

2023

elektrisitet og varme8,6210,614,215,317,0
transport4,625,787,027,248,28
industri, bygg og anlegg3,943,825,995,996,16
bygningar2,612,552,752,792,68
industri (prosessutslepp)0,490,721,251,631,55
luftfart og sjøfart0,630,861,130,921,21
anna forbrenning0,750,510,610,570,59
flyktige utslepp0,260,310,260,260,27
arealbruksendringar og skogbruk2,041,910,08-0,210,24

Klimagassutslepp frå Noreg

Noreg står for ein liten del av klimagassutsleppa i verda, men dersom vi fordeler utsleppa på talet på innbyggarar, ligg Noreg høgt samanlikna med mange andre land. Dei største utsleppa i Noreg kjem frå sektorar som olje- og gassutvinning, industri, vegtrafikk, annan transport og jordbruk. Utsleppa frå straumproduksjon i Noreg er låge, sidan mesteparten av elektrisiteten vår kjem frå vasskraft.

Klimagassutsleppa i Noreg har gått ned med omtrent 13 prosent sidan 1990 (Engedal, 2025). Nedgangen kjem mellom anna av meir elektrifisering i olje- og gassproduksjonen, ny teknologi i industrien og meir bruk av biodrivstoff og elbilar.

Figuren under viser korleis utsleppa frå dei største sektorane har endra seg sidan 1990. Kva sektorar har hatt størst endring?

Forklaring til figuren og tabell

Figuren viser endringar i dei viktigaste utsleppskjeldene for Noreg mellom 1990 og 2024. Utsleppa er gitt i millionar tonn CO2-ekvivalentar, ei felles måleining som blir brukt for å samanlikne klimaeffekten av ulike klimagassar.

Norske klimagassutslepp 19902024 i millionar tonn CO2-ekvivalentar

Sektor

1990

2000

2010

2020

2024

olje- og gassutvinning8,2513,1613,7913,1611,02
industri19,1416,8212,0311,2610,56
vegtrafikk7,438,379,998,357,52
annan transport5,36,57,197,387,32
jordbruk4,924,664,424,634,41
avfall2,772,462,392,312,05
andre kjelder0,641,032,91,761,22
oppvarming og bygg2,761,932,010,520,53

Klimaavtrykk

Ein annan måte å berekne klimagassutslepp på er å sjå på klimaavtrykk, eller klimafotavtrykk. Det viser kor mykje klimagassar som totalt blir sleppte ut i samband med eit produkt, ei bedrift, ein person eller eit land.

I slike berekningar tek ein òg med utsleppa som skjer når varer blir produserte i andre land. Til dømes gir ein ny mobiltelefon ikkje berre utslepp når du bruker han, men òg når metall blir vunne ut og ulike delar blir produserte i andre land, i tillegg til at han skal fraktast til Noreg.

Klimaavtrykk gjer det lettare å sjå samanhengen mellom forbruket til menneske og utslepp. Mange varer vi kjøper i Noreg, som klede og elektronikk, blir produserte i andre land. Utsleppa skjer der, men det er forbruket vårt som driv dei. Derfor kan klimaavtrykket vårt vere større enn det dei norske utsleppstala viser.

Les meir om forbruk i artikkelen "Forbruket vårt er ikkje berekraftig".

Vala du tek i kvardagen, har noko å seie. Nokre aktivitetar fører til større utslepp enn andre, til dømes flyreiser, bilkøyring, kjøttforbruk og innkjøp av nye varer. Samtidig kan du redusere klimaavtrykket ved å ta buss eller tog, redusere matsvinn, bruke ting lenger og kjøpe mindre nytt.

Kor stort er eigentleg klimaavtrykket ditt? Ta Klimatesten.

Test deg sjølv

Kjelder

Engedal, M. I. A. (2025, 4. november). Klimagassene 13 prosent lavere enn i 1990. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/natur-og-miljo/forurensning-og-klima/statistikk/utslipp-til-luft/artikler/klimagassene-13-prosent-lavere-enn-i-1990

FN-sambandet. (2025, 17. juni). Klimaendringer. https://fn.no/tema/natur-og-klima/klimaendringer

Mamen, J. & Benestad, R. (2025a, 19. juli). Klimaendringer (årsaker). I Store norske leksikon. https://snl.no/klimaendringer_-_%C3%A5rsaker

Mamen, J. & Benestad, R. (2025b, 19. november). Global oppvarming. I Store norske leksikon. https://snl.no/global_oppvarming

Miljødirektoratet. (2025, 6. juni). Norske utslipp og opptak av klimagasser. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/klimagasser-utslippstall-regnskap/norske-utslipp-og-opptak-av-klimagasser/

Olerud, K. & Lahn, B. (2025, 18. desember). Klimagassutslipp. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimagassutslipp

Røyne, A. (2023). Klimaendringer enkelt forklart. Universitetsforlaget.

Tjernshaugen, A. (2025, 21. januar). Klimaavtrykk. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimaavtrykk

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 18.05.2026