Hopp til innhald
Oppgåve

Lese statistikk og grafiske framstillingar i geografi

No skal du få øve deg på å tolke og lese informasjon frå grafar og statistikk.
Oppgåvene under handlar om å tolke grafiske framstillingar og er dermed visuelle.

Mål med oppgåvene

Målet med desse oppgåvene er at du skal

  • bli meir klar over korleis du kan lese statistikk og ulike grafiske framstillingar.

  • få ei betre forståing av kva tittel, kjelder, nøkkel, aksar og skalaer og data er, og korleis du kan bruke det.

1. Ulike måtar å framstille statistikk på

Undersøk utviklinga i CO2-utslepp per innbyggar i Brasil, Kina, Kenya, Noreg og USA frå 1950 til 2022. Korleis blir dette framstilt best mogleg?

  1. Gå saman i små grupper tre–fem elevar

  2. Dei tre framstillingane under viser dei same dataa. Når kan tabell vere mest formålstenleg, når er linjediagram best, og når er kart med avspelingsmoglegheit det beste? Synest de ein av dei er betre enn dei to andre? Diskuter dette og noter ned stikkord.

  3. Ha ein felles diskusjon i klassen.


Tabell

Linjediagram

Kart, med moglegheit for avspeling


Tips til læraren

Denne oppgåva har ingen fasit, og det er eit viktig poeng. Bevisstgjering og tankeprosessen og diskusjonen til elevane er målet med oppgåva. Viss elevane står heilt fast, kan det likevel vere enklare å diskutere med utgangspunkt i ei løysing. Her er eit løysingsforslag:

  • Tabellen er best viss vi er på jakt etter eit bestemt tal for eit bestemt land eit bestemt år. Tabellen kan òg vere mest formålstenleg viss vi berre er ute etter utviklinga frå 1953 til sluttåret i 2022.

  • Linjediagrammet fungerer best om vi vil samanlikne utviklinga i to eller nokre få land over tid. Endring over tid blir tydeleg framstilt i eit linjediagram. For å sjå på og samanlikne utviklinga i desse landa frå 1953 til 2022 er derfor linjediagram kanskje det beste.

  • Kartet er tydelegast viss det er status for heile verda vi er ute etter. I tillegg gjer avspelingsfunksjonen det mogleg å sjå utviklinga for heile verda på ein oversiktleg måte. Eit minus med det er at små land kan forsvinne.

2. Tolk ulike visuelle framstillingar av data

Vi må sjå etter fem ting når vi skal tolke ulike visuelle framstillingar: tittel, kjelde, nøkkel, aksar og skalaer og data. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Data, statistikk og grafiske framstillingar".

No skal de få bruke dette til å tolke ulike grafiske framstillingar.

Litt meir om dei fem tinga vi bør sjå etter

Tittel
Namnet på figuren gir ofte viktig informasjon om kva han viser, og kva han ikkje viser. Ofte kan det vere lurt å lese tittelen to gonger for å vere sikker på at du forstår kva figuren faktisk viser.
Kjelde
Kvar kjem informasjonen frå? Er du usikker på om det figuren viser, stemmer, kan det vere lurt å undersøke kjeldene.
Nøkkel
Nøkkelen forklarer kva fargar og symbol betyr. Det er det same som teiknforklaringa på eit kart.
Aksar og skalaer
Mange visuelle framstillingar har aksar og skalaer. Du må sjå nøye på desse for å tolke framstillinga rett. Kva viser aksane, kva startar dei på, og kor mykje er dette forminska i forhold til verkelegheita?
Data
Innholdet i statistikken som blir visualisert, kallar vi data. Dataa som ligg bak, er det vi prøver å vise ved hjelp av ulike typar grafar og diagram.

A. Individuelt: Jobb med éi grafisk framstilling

  1. Gå saman i grupper på tre–fire personar. Fordel dei ulike grafiske framstillingane under slik at alle får ei framstilling dei skal sjå nærare på

    Befolkningspyramide

    Gapminder-graf

    Stolpediagram og linjediagram

    Interaktivt kakediagram

    Fordeling av pattedyr på jorda

  2. Jobb individuelt med den grafiske framstillinga di. Sjå om du finn tittel, kjelde, nøkkel, aksar og skalaer og data. Notar ned kva du finn, og kva som ikkje er med.

  3. Tolk den grafiske framstillinga: Kan du forklare kva ho viser? Er det noko du er overraska over?

B. Gruppediskusjon: Gå gjennom og diskuter saman

Gå gjennom alle dei grafiske framstillingane saman i gruppa. Den som jobba med framstillinga under det individuelle arbeidet, forklarer kort før gruppa diskuterer saman.

  1. Kva er tittel, kjelde, nøkkel, aksar og skalaer og data i denne grafiske framstillinga? Var det noko som mangla?

  2. Kva viser den grafiske framstillinga?

  3. Likte de framstillinga? Kvifor eller kvifor ikkje?

C. I plenum: Samanfatt i klassen

Læraren samlar trådane i ein klassesamtale til slutt. Kva for nokre av dei fem elementa fann dykk i kvar grafiske framstilling? Forstod de kva dei ulike grafiske framstillingane viste? Kva framstilling likte dykk best? Var det noko dykk ikkje forstod?