Hopp til innhald
Fagartikkel

Digitale kart og GIS

I denne artikkelen blir du kjend med kva digitale kart er, og kva dei blir brukte til. Du får òg lære meir om ortofoto og geografiske informasjonssystem (GIS).

Kort oppsummert

  • Digitale kart kan innehalde mange kartlag og mykje informasjon.

  • Vi kan søke, zoome, sjå ting tredimensjonalt og lage eigne kartlag i digitale kart.

  • Fly- og satellittbilete blir kalla ortofoto.

  • Geografiske informasjonssystem (GIS) er dataprogram som lagrar, organiserer, analyserer og visualiserer geografisk informasjon.

Kva er digitale kart?

Digitale kart er kart i digitale verktøy som viser geografisk informasjon. Ofte blir desse viste i ulike karttenester eller kartverktøy der du som brukar kan forandre visninga. Geografisk informasjon er all type informasjon som kan knytast til ein geografisk stad eller område, som kvar det går vegar, der folk bur, kor mykje nedbør det kjem, eller kor mykje skjermtid vi har.

Informasjonen i digitale kart blir vist i form av ulike kartlag. Eit kartlag inneheld ein bestemd type informasjon, til dømes fylkesgrenser eller veg. Kartlaga blir lagde oppå kvarandre, og vi ser eit "flatt" kart med dei kartlaga som er slått på.

Kva kan vi gjere i digitale kart?

I digitale kart kan vi som regel

  • søke og finne ulike stader

  • zoome inn og ut

  • skru av og på ulike kartlag

  • endre bakgrunnskart

  • snu rundt på kartet

  • lage eigne kartlag med punkt, linjer og flater

  • sjå landskapet tredimensjonalt

Digitale kart viser gjerne ulike kartlag avhengig av kor mykje du zoomar, slik at når du zoomar inn, dukkar det opp fleire og fleire detaljar. Eit digitalt kart kan dermed innehalde veldig mykje informasjon, men samtidig vise passe mengde informasjon om gongen slik at det blir lett å bruke kartet.

Zoom inn i det digitale kartet frå Levende Atlas og sjå korleis ulike kartlag dukkar opp etter kvart som du zoomar. Klarer du òg å finne ut kvar skulen din ligg?

Ulike karttenester har ulike formål

Nokre digitale kart har mange ulike kart og kartlag tilgjengeleg, mens mange har hovudfokus på eit tema. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt digitale atlas handlar først og fremst om naturfarar, vassdrag og energi, og dei digitale karta til Noregs geologiske undersøking (NGU) viser ulike tema knytte til geologi. Formålet med den digitale karttenesta avgjer korleis ho er bygd opp, og om ho berre fokuserer på eit tema.

Døme på digitale karttenester

  • Windy er ei vêrteneste med stilige visualiseringar og mange ulike kartlag du kan skru av og på.

  • Kart i skolen har mange spennande kartlag over Noreg som du kan velje å skru av og på.

  • Noreg i bilete gir tilgang til nye og gamle flyfoto, og du kan dermed sjå utviklinga i eit område over tid. Desse flyfotoa har betre oppløysing enn du får i satellittbilete.

  • Google Earth har først og fremst satellittbilete over heile verda med høg oppløysing. Dei har òg ein 3D-funksjon, og i større byar kan du sjå alle bygningane i 3D.

  • KartSSB er ei kartløysing der du kan skru av og på ulike kartdata frå Statistisk sentralbyrå (SSB). På den måten kan du visualisere statistikk om befolkninga i Noreg på eit kart.

  • NVE Atlas er eit avansert digitalt kart frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Det inneheld mykje spennande kartdata om det NVE jobbar med. Her finn du kartlag om naturfarar som skred og flaum og kartlag knytte til vindkraft, vasskraft og arealplanane til kommunane.

Ortofoto

Ortofoto er bilete tekne frå lufta ved hjelp av fly eller satellittar. Etterpå er dei omarbeidde digitalt slik at dei ligg oppå terrenget på rett stad, som eit kart. Det er ofte enklare å kjenne igjen terrenget når vi ser bilete. I mange digitale kart kan vi derfor ha ortofoto som bakgrunn.

Bruk karttenesta under, zoom ut og inn, og sjå om du kan finne huset ditt ved hjelp av ortofoto.

Geografiske informasjonssystem – GIS

GIS står for "geografiske informasjonssystem". All informasjon som kan koplast til eit geografisk punkt eller område, er geografisk informasjon. Eit GIS er eit dataprogram som blir brukt for å lagre geografisk informasjon. I tillegg blir GIS brukt til å organisere, analysere og geografisk informasjon. Når vi skal lage kart, er det GIS vi bruker for å gjere analysar og lage karta.

Forskjellen på eit GIS og eit digitalt kart er ikkje alltid heilt klar, men eit GIS kan brukast til å gjere meir avanserte analysar. Google Earth er eit digitalt kart, men kan òg kallast eit enkelt GIS.

Døme på bruk av GIS

Du skal prøve å rekke ein buss, men kan ikkje vegen til busstoppet. Då opnar du ein kart-app på telefonen din. Kart-appen analyserer informasjon om kvar du er, trafikken på denne tida av døgnet og annan nyttig geografisk informasjon. Dette bruker appen til å finne raskaste veg og visualisere det for deg slik at du finn fram.

Analysar i GIS

I eit GIS kan vi hente fram ulike kartdata og kople desse saman. Dermed kan vi gjere mange ulike og nyttige analysar. Til dømes kan geografisk informasjon om nedbør blir kopla saman med informasjon om kvar folk bur, og korleis terrenget er. Ved å analysere dette kan vi seie noko om faren for flaum og kor mange som kan bli ramma. Dette kan vi bruke både om det skulle bli flaum, og viss vi ønsker å flaumskadar.

Døme på analyse ved hjelp av eit GIS

Med eit GIS kan vi gjere meir avanserte analysar enn eit digitalt kart, men kva betyr det eigentleg? Vi skal prøve å forklare litt meir nøye:

La oss seie at det er meldt mykje nedbør i ein kommune, og det er fare for flaum. Kommunen har

  • kart over terrenget

  • kart over tidlegare flaumar

  • kart over kvar folk bur, og kor mange som bur i husa

  • kart over veg, røyr og leidningar

  • meteorologiske kart som viser kor mykje nedbør som kjem

Kommunen kan legge inn alle desse dataa i eit GIS. Ved hjelp av GIS-et kan dei gjere ulike analysar og finne ut kva område som kan bli overflødd, og kor mange menneske som kan bli ramma. Dei kan òg spreie denne informasjonen til innbyggarane sine.

Ved hjelp av informasjonen frå GIS-et vil kommunen vere betre førebudd. Dei får oversikt over situasjonen og kan setje inn tiltak slik at flaumen gjer minst mogleg skade.

Test deg sjølv

Kjelder

Berg, T. R., Sømod, T. & Ørstavik, E. (2023, 13. mars). Kart. I Store norske leksikon. https://snl.no/kart

Eidsvik, E., Kolstad, E. W., Nielsen, P. R. & Vågenes, V. (2019). Verda og vi: Innføring i geografi. Det Norske Samlaget.

Mikkelsen, R. (2022). Kart, atlas og Google i gegorafiundervisningen. I R. Mikkelsen & P. J. Sætre (Red.), Geografididaktikk for klasserommet (4. utg., s. 163–186). Cappelen Damm Akademisk.

Ørstavik, E. & Mæhlum, L. (2022, 24. november). Geografisk informasjonssystem (GIS). I Store norske leksikon. https://snl.no/geografisk_informasjonssystem_-_GIS

Relatert innhald

Fagstoff
Kart – eit nyttig verktøy

Her kan du lære kva eit kart er, og kva forskjellen på topografiske og tematiske kart er. Du får òg tips til korleis du kan tolke og lese kart.