Hopp til innhald
Fagartikkel

Feltarbeid i geografi

Dersom vi skal forstå verda rundt oss, må vi komme oss ut av klasserommet! I tillegg til at feltarbeid er sosialt og gøy, får du trent på å sjå geografisk og samle inn data.
Kort oppsummert
  • Feltarbeid handlar om å komme seg ut av klasserommet så vi forstår verda rundt oss betre.

  • Feltarbeid er ein viktig metode for å finne ut noko og trene på å observere og å samle inn data.

  • Feltarbeid kan gjennomførast på mange ulike måtar og bør ha både forarbeid og etterarbeid i tillegg til sjølve feltarbeidet.

Kva er feltarbeid?

Feltarbeid handlar om å reise til eit område, feltet, for å undersøke det nærare. I geografifaget er feltarbeid ofte ein kombinasjon av at læraren forklarer noko de ser, og at de undersøker noko sjølve.

Feltarbeid kan gjennomførast på mange ulike måtar og passar til alle temaa i geografifaget. Her er nokre døme på ting ein kan undersøke:

  • Korleis er berggrunnen i nærområdet?

  • Korleis kjem elevane seg til skulen?

  • Kvar er kleda i klesbutikkane produserte?

  • Kva landformer finn vi rundt skulen?

Kvifor dra på feltarbeid?

Når vi er på feltarbeid, samlar vi inn data og tolkar dei. Vi får òg sjå konkrete døme og samanhengar som gjer det enklare å forstå korleis elva formar landskapet, eller kva folk bruker eit område til. I tillegg kan feltarbeid vere sosialt, det gjer faget meir spennande, og det blir enklare å kople faget til nærmiljøet eller andre stader.

Finne ut noko nytt

Gjennom feltarbeid kan vi undersøke og finne ut noko heilt nytt om ein stad, noko som ingen har visst før. Det er derfor ein av dei viktigaste metoden i mange spesialiseringsområde som høyrer under geografifaget. Geologar dreg på feltarbeid for å undersøke berggrunnen, glasiologar besøker ulike isbrear for å gjere målingar, og bygeografar kan dra ut for å intervjue folk om kva dei set pris på i byen dei bur i.

Samle inn data

Datainnsamling er ofte ein viktig del av eit feltarbeid. Viss vi vil undersøke kor mykje av maten vi et som blir importert frå utlandet, kan vi dra i matbutikken og lese på dei ulike produkta. Dette kan vi loggføre ved å skrive ned det vi finn ut. Desse dataa kan vi etterpå bruke til å vurdere kor mykje av maten vi et som kjem frå utlandet. Vi kan òg samle inn data ved å kartlegge fenomen, til dømes kor ulike landformer finst, og registrere det på eit kart.

Måtar å samle inn data på

Kartlegge
Kartlegg kvar ulike landformer eller ulike bergartar i nærmiljøet er.
Intervjue
Intervju folk om kva dei set pris på i nærmiljøet sitt.
Ha ei spørjeundersøking
Ha ei spørjeundersøking om forbruksvanane til personar i lokalsamfunnet.
Dokumentere
Ta bilete av landformer eller andre fenomen for å dokumentere korleis det ser ut.
Gjennomføre målingar
Mål kor brei elva er, og kor raskt vatnet strøymer.
Loggføre
Noter ned observasjonar de har gjort, og ting de har lært gjennom feltarbeidet.

Trene på observasjon

Observasjon handlar om å sjå rundt oss på ein systematisk måte. Viss vi skal observere korleis ei elv formar landskapet, leiter vi etter spor av erosjon og avsetning. Å sjå geografisk handlar om å prøve å forstå "Kvifor er det slik akkurat her?". Då ser vi etter hint i landskapet som kan seie noko om korleis naturen og menneska har påverka dette området.

Å gjennomføre feltarbeid og trene på å observere er ein del av kjernen i geografifaget. For å forstå stadene og områda rundt oss, må vi trene på å observere og å sjå geografisk.

Korleis gjennomføre feltarbeid?

Feltarbeid kan gjerast på alt frå eit kvarter til to dagar. Tida de har til rådigheit, vil sjølvsagt påverke gjennomføringa. For å lære mest mogleg av feltarbeidet er det uansett lurt å ha forarbeid og etterarbeid.

Forarbeid

Eit feltarbeid blir betre viss du er førebudd. Dersom de skal lære om bergartar, er det lurt å vite korleis ein kan skilje mellom ulike typar bergartar på førehand. Og viss de skal finne landformer skapte av isbrear, bør de ha lært noko om korleis isbrear formar landskapet først. Det er med andre ord viktig at de veit kva de skal gjere eller sjå etter når de er ute, og det er lurt å ha litt fagkunnskap før de dreg ut.

Undervegs

Vi kan dele metoden for gjennomføringa av feltarbeidet i to; lærarstyrt eller elevaktivt. For at det skal vere eit feltarbeid, må det vere ein viss grad av elevaktivitet. Læraren kan vise og forklare det de har lært i klasserommet. Då blir det enklare å forstå fagstoffet. Samtidig er det veldig spennande å sjølv undersøke og samle inn data. Då kan de finne ut noko heilt nytt!

Det er òg spennande med feltarbeid der vi gjer meir enn berre å observere. Kan de gjere målingar av noko slag, slik glasiologen på biletet gjer? Å ta rulleprøve for å skilje leire frå silt er eit anna døme på ein spennande aktivitet. Eller de kan grave i ei avsetning for å finne ut noko om graden av avrunding og sortering eller om det er ulike lag.

Etterarbeid

Det er viktig at det de gjer på feltarbeidet, blir brukt etterpå. Det kan vere utgangspunktet for ein diskusjon, de kan lage ein rapport eller halde ein presentasjon. Viss de har samla inn data, bør de bruke dei.


Test deg sjølv

Kjelder

Eidsvik, E., Kolstad, E. W., Nielsen, P. R. & Vågenes, V. (2019). Verda og vi: Innføring i geografi. Det Norske Samlaget.

Fjær, O. (2022). Ekskursjoner og feltarbeid i skolen – en spennende læringsarena. I R. Mikkelsen & P. J. Sætre (Red.), Geografididaktikk for klasserommet (4. utg., s. 207–250). Cappelen Damm Akademisk.