Å lese og tolke informasjon i kart krev trening. I denne oppgåva kan de saman trene på å lese og tolke ulike tematiske kart.
Oppgåvene under handlar om å lese og tolke kart og er dermed visuelle. Vi har derfor ikkje alternativ til desse oppgåvene til dei som bruker skjermlesar.
Mål med oppgåvene
Måla med desse oppgåvene er at du skal
øve deg på å lese og tolke ulike tematiske kart
bli bevisst på kva eit tematisk kart er, og kva val ein kartograf gjer
Introduksjon
Oppgåva har tre delar. I den første delen skal de jobbe individuelt, i den andre delen i grupper, og den tredje delen tek dykk i plenum. Før de startar, må de gå saman i grupper på tre–fem elevar.
1. Individuelt: Tolk og vurder kvart dykkar kart
Vel kvart dykkar kart under.
Skriv ned nokre av vala kartteiknaren har gjort (fargar, fargeskalaer, bruk av symbol, kva informasjon er teken med og så vidare). Er det noko du ville ha løyst annleis?
Tolk informasjonen kartet gir. Skriv ned stikkord til spørsmåla under slik at du kan presentere det for resten av gruppa etterpå.
Kva viser kartet?
Er det noko du stussar på eller ikkje heilt forstår?
Synest du dette er eit godt og tydeleg kart? Kvifor eller kvifor ikkje? Har du forslag til noko som kan gjere kartet tydelegare eller betre?
Svar på spørsmåla som står over kartet.
Kart de kan velje
Bananproduksjon i verda
På kartet ser det ut som at det blir produsert bananar i Alaska. Kan det stemme?
Kva informasjon kan du finne i dette kartet, mellom anna ved å halde musepeikaren over eit område?
I dette kartet kan du trykke på kva område som helst og få opp befolkningstettleiken for området du trykker i. Teiknforklaringa ligg under dei tre strekane nedst i høgre hjørne.
Kva synest du om valet av fargar? Er det enkelt å tolke kartet?
Kva informasjon, eller data, treng vi for å lage eit kart som dette?
Gå gjennom eitt og eitt kart som de jobba med i del 1. Den som jobba med kartet, styrer gjennomgangen. Følg gjerne desse punkta:
Kva viser kartet?
Er det noko du stussar på eller ikkje heilt forstår?
Synest du dette er eit godt og tydeleg kart? Kvifor eller kvifor ikkje? Har de forslag til noko som kan gjere kartet tydelegare eller betre?
Svar på spørsmåla som står over kartet.
3. Debrifing: Samanfatt i klassen
Læraren samlar trådane i ein klassesamtale. Kva kart likte klassen? Kvifor? Kva kjenneteiknar eit godt kart? Er det vanskeleg å lese informasjon ut av tematiske kart?
Snakk litt om korleis prosessen i gruppene har vore, og korleis diskusjonane gjekk.