Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Gone surfing!"

Visste du at Noreg har nokre av dei beste surfestadene i verda? Og at eit av dei er Hoddevika i Nordfjord? Gjer oppgåvene på denne sida saman i par.

Del 1

De har fått i oppdrag å sjå på moglegheitene til å skape ein surfedestinasjon i Hoddevika, ytst ved Stad i Nordfjord.

Kommunen ønskjer å stimulere til ein heilårig reiselivsdestinasjon, men dei er litt usikre på kva som skal til. Dei ønskjer at de lagar eit planutkast til korleis de tenkjer det kan sjå ut, og kva dei kan tilby turistane.

  • Lag ei teikning (ein plakat) over området og korleis de tenkjer det kan sjå ut. Bruk gjerne bilete som illustrerer planen dykkar.

  • Ta høgd for

    • overnatting
    • servering
    • attraksjonar
    • transport
    • andre tilbod og infrastruktur

Del 2

Kommunen ønskjer òg at destinasjonen skal jobbe for å bli merkt som eit berekraftig reisemål.

  • Bruk handboka for reisemålsutvikling, kapittel 5 (lenkja finn du under Tips nedanfor). Lag eit utkast til ein plan og set opp punkt for fase 1 Hoddevika.
  • Vel eitt punkt på lista dykkar som de utdjupar, og lag ein plakat med bilete som viser forslaga dykkar.

Tips

Sjå den danske surfedestinasjonen i Thy, Cold Hawaii.

Her finn du meir informasjon om Cold Hawaii frå blogg.stenaline.no.

Handboka for reisemålsutvikling finn de hos businessvisitnorway.com.

Eit venndiagram som viser samanhengen mellom berekraftig utvikling og økonomi, sosiale forhold og miljø og klima. I tre sirklar står det "økonomi", "sosiale forhold" og "miljø og klima", saman med små ikon som symboliserer dette. I ein sirkel i midten står det "bærekraftig utvikling". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3

  • Diskuter i par ringverknadene som ein heilårig surfedestinasjon i Hoddevika kan ha for områda rundt.
  • Skriv ei oppsummering over kva eit slikt reisemål kan bety for kommunen og for andre destinasjonar i nærleiken.

Del 4

  • Lag ein presentasjon for klassa om surfedestinasjonen Hoddevika.

Relatert innhald

Dei første turistane kom til Noreg på 1800-talet. Utviklinga av reiselivet har gått fort. Kva skal til for at ein stad blir ein reiselivsdestinasjon?

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2021

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet