Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Berekraftig reiselivsprodukt

Svart hotell skulle etter planen bli eit av dei mest miljøvennlege hotella i verda. Den planlagde plasseringa til hotellet er i botnen av Svartisen isbre, omgitt av fantastisk arktisk natur. Dei treng forslag til opplevingar i nærmiljøet som står i stil med konseptet, og har bedt deg om hjelp.
Engabreen, ein brearm av Svartisen i Meløy, Nordland. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om hotellet framleis ikkje er bygd på grunn av økonomiske utfordringar, lever draumen.

Oppgåve

  • Jobb åleine eller saman med ein klassekamerat.

  • Les om Svart hotell, og set dykk inn i det spektakulære konseptet og omgivnadene rundt.

  • Lag eit forslag til ei reiselivsoppleving hotellet kan selje til gjestene sine. Opplevinga må leggje vekt på berekraft, etikk og lønsemd.
  • Lag ein reportasje som skal publiserast i eit reiselivsmagasin, der de presenterer det heilskaplege reiselivsproduktet Svart hotell. Reportasjen må innehalde ei oversikt over andre aktørar det er aktuelt for hotellet å samarbeide med.

Svart hotell

Du kan lese om Svart hotell på svart.no. Teksten er på engelsk.

I klassen:

  • Presenter forslaga for kvarandre, og forklar korleis berekraft, lønsemd og etikk er vektlagd.

  • Gi kvarandre tilbakemeldingar, og endre forslaga i tråd med tilbakemeldingane.

  • Saml forslaga i eit dokument.

  • Diskuter fordelar og ulemper med etablering av eit reiselivsprodukt i desse omgivnadene.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet