Hopp til innhald

Fagstoff

Attraksjonar

Kva vil du oppleve når du skal ut og reise? Ønskjer du flotte strender, festivalar, høge fjell eller kanskje litt byliv? For aktørane i reiselivet er attraksjonar sentralt for å tiltrekkje seg turistar.
Mange personar på eit fjell med utsikt til ein fjord og snøkledde fjell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva rolle har attraksjonane?

Attraksjon betyr tiltrekking. Attraksjonar er ting som er verde å sjå, opplevingar og aktivitetar som tiltrekkjer turistar. Dei stimulerer reiselysta vår, og dei tilbyr noko som interesserer, gler og skaper minne. Vi kan seie at attraksjonane er det viktigaste elementet i reiselivet, sidan turistar ofte vel reiselivsdestinasjonar ut frå kva attraksjonar staden har å by på.

Ein reiselivsdestinasjon har som oftast meir enn éin attraksjon. Vi kan klassifisere attraksjonar etter kor viktige dei er for reisa di.

Primærattraksjon

Ein primærattraksjon er ein attraksjon som utgjer sjølve hovudgrunnen til at du vel éin spesiell reiselivsdestinasjon framfor ein annan. Det kan vere ei bestemd oppleving eller noko spesielt du ønskjer å sjå eller vere med på.

Ein primærattraksjon kan til dømes vere Holmenkollen i Oslo, ein musikkfestival eller ein berømt restaurant.

Sekundærattraksjon

Attraksjonar som du kjenner til på reiselivsdestinasjonen, men som ikkje er avgjerande for val av reisemål, kallast sekundærattraksjonar. Døme på sekundærattraksjonar kan vere Operahuset, Karl Johans gate og Slottet i Oslo.

Sekundærattraksjonane gir deg meir å gjere på reiselivsdestinasjonen. Så viss du ikkje heilt klarer å bestemme deg for kvar du vil reise, kan tilbodet av sekundærattraksjonar bli avgjerande.

Tertiærattraksjon

Tertiærattraksjonar er attraksjonar på reiselivsdestinasjonen du ikkje kjende til på førehand, men som du oppdagar når du er der. Det kan til dømes vere ziplinen Kollensvevet i Holmenkollen.

Tertiærattraksjonar er viktige for heilskapsopplevinga av eit reisemål. Dei kan vere avgjerande for kva omtale du gir av reisemålet, og for om du har lyst til å besøkje denne reiselivsdestinasjonen ein gong til.

Ulik gradering av same attraksjon

Det som er ein primærattraksjon for nokon, kan vere ein sekundærattraksjon for andre. Ulike målgrupper vil ofte rangere attraksjonane ulikt. Til dømes kan fjordar vere ein primærattraksjon for utanlandske turistar, mens dei kanskje er ein sekundærattraksjon for nordmenn.

Det å oppleve nordlyset kan vere hovudgrunnen til at du reiser til Nord-Noreg (primærattraksjonen), mens Saltstraumen gjer at du òg legg turen innom Bodø. Saltstraumen er då ein sekundærattraksjon for deg, men for reiselivsdestinasjonen Bodø er det ein primærattraksjon.

Kva er ein attraksjon for deg?

Attraksjonar kan vere mykje ulikt. Kva som opplevast som ein attraksjon, vil vere ulikt, alt etter kven du spør. Mange set stor pris på flotte naturopplevingar, mens mange barn heller vil besøkje underhaldningsparkar.

Felles for attraksjonar er at dei tiltrekkjer reisande som ønskjer å oppleve noko dei har sett eller høyrt om. Attraksjonar er opplevingar, og dei kan delast inn i ønsket om å sjå, gjere, lære, vere og nyte.

  • "sjå-opplevinga" kan til dømes vere ein sightseeingtur
  • "gjere-opplevinga" handlar om aktiv deltaking, til dømes ein havfisketur
  • "lære-opplevinga" kan til dømes vere eit museumsbesøk
  • "vere-opplevinga" handlar om nærvær, til dømes i naturen.
  • "nyte-opplevinga" kan til dømes vere å nyte ein lokal spesialitet

To hovudtypar attraksjonar

Vi skil gjerne mellom menneskeskapte og naturgitte attraksjonar.

  • Døme på menneskeskapte attraksjonar er Holmenkollen i Oslo, Dyreparken i Kristiansand og Tusenfryd ved Vinterbro i Ås.
  • Døme på naturgitte attraksjonar er Preikestolen i Rogaland, Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Besseggen i Vågå.

Nokre gonger er ein attraksjon ein kombinasjon av menneskeskapt og naturgitt. I desse tilfella må vi ofte betale for å ta del i attraksjonen. Døme på dette er Trollstigeplatået (som du kan sjå i filmen lenger opp på sida), organiserte rafting- og ribturar og kvalsafari.

Kvalsafari ved Kvaløya utanfor Tromsø. To knølkvalar leiker i havoverflata. Rib-båt med turistar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

Nettsida til Holmenkollen. https://www.skiforeningen.no/holmenkollen/


Innovasjon Noreg. (2008). Hvitebok for reisemålsutvikling. https://salten.no/sites/s/salten.no/files/srsak_0421__vedlegg__hvitebokreisemaalsutvikling2008.pdf


Kamfjord, G. (2019). Det helhetlige reiselivsproduktet. (6. utgåve). Fagspesialisten AS.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 21.07.2023

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet