Hopp til innhald
Fagartikkel

Overnatting

Overnattingsmoglegheiter speler ei sentral rolle for reiselivsdestinasjonar. Turistane har ulike behov og ulike budsjett, og det er viktig å leggje til rette for alternativ slik at dei fleste finn noko som passar. Det er mykje å velje i, frå luksushotell til enkle campinghytter og vandrarheimar.

Ulike målgrupper

Overnattingsmoglegheiter er eit viktig element for ein reiselivsdestinasjon. Viss du ønskjer ei brei målgruppe, bør det finnast ulike alternativ til ulike behov og til ulike prisar. Ein småbarnsfamilie har andre behov og krav til ein overnattingsstad enn eit ungt kjærastpar på tur.

Kva type overnatting turistane vel, heng òg saman med kven dei reiser saman med, kor mykje pengar dei har, kor lenge dei vil vere borte, livsstil, trendar, tilgjenge og kva dei ønskjer av opplevingar.

Reiselivsdestinasjonane bør derfor òg tenkje på kva opplevingar og attraksjonar dei har, slik at overnattingstilboda passar til dette. Viss overnattingstilbodet bidreg til at destinasjonane beheld turistane over lengre periodar, aukar det verdiskapinga for reiselivsdestinasjonen.

Ulike overnattingstilbod

Vi kan dele overnattingstilbod inn i fem hovudgrupper[1].

  1. fullserviceanlegg, til dømes hotell som i tillegg til overnatting tilbyr alle måltid og ofte ein døgnopen resepsjon. Hotell har ofte òg fasilitetar som treningsrom, leikerom, symjebasseng og spa.
  2. delvis betent, som er overnattingsstader som i tillegg til overnatting tilbyr frukost. Døme på dette er nokre av dei norske turisthyttene og bed and breakfast-hotell.
  3. sjølvhushald, som er overnattingsstader som tilbyr senger, til dømes campinghytter og andre utleigehytter og leilegheiter, enkle rom og Airbnb. Her er det ofte kjøkkenfasilitetar, slik at ein kan lage mat sjølv.
  4. innkvartering som turistane har med seg sjølve, for eksempel i form av telt, campingvogn, bubil eller båt
  5. eigen bustad, som eiga hytte, feriehus eller leilegheit

Trendar

Natur- og opplevingsbasert reiseliv aukar i popularitet, noko som blir spegla i tilbod frå overnattingsnæringa. Mange overnattingsstader inkluderer opplevingselement som ein del av tilbodet, som til dømes igloo-hotellet utanfor Tromsø, ombygde rorbuer og historiske hotell.

For fullserviceanlegg er kosthald og helse ein annan trend, og mange hotell fokuserer på kortreist, ofte økologisk mat og kjøttfrie dagar.

Mange av hotella er kjedehotell, og dei største kjedene i Noreg i dag er Choice, Scandic og Thon. Nokre av dei ærverdige, gamle hotella har samla seg i ei frivillig kjede som heiter "De Historiske Hotel & Spisesteder".

Overnatting og miljø

Miljømedvit og berekraft er viktig for overnattingsbransjen, både når det gjeld matsvinn, vasking av rom og handkle, kjeldesortering og energibruk.

Mange hotell har teke i bruk mindre tallerkenar på bufféane sine, for å redusere matsvinn. Romma blir ikkje nødvendigvis reingjorde kvar dag, og som gjester blir vi oppmoda til å bruke handkle fleire gonger. Dette er døme på tiltak som både sparer miljøet og sparer pengar for bedrifta, det vi kan kalle ein vinn–vinn-situasjon.

Stadig fleire gjester lèt engasjementet sitt for miljø og berekraft påverke val av overnattingsstad. Miljøsertifisering og miljømerke, som til dømes Miljøfyrtårnet, er derfor viktig for å behalde kundar og omdøme.