Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kjenneteiknar ein heilskapleg reiselivsdestinasjon?

Nokre reiselivsdestinasjonar har "alt og meir til". Kva kjenneteiknar ein destinasjon som tilbyr eit heilskapleg reiselivsprodukt?
Ei stor kvit og blå ferge merkt Color Line Cruises passerer andre fartøy i ein fjord. I bakgrunnen er eit skogkledd landskap med åsar og spreidd busetnad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Del 1: Undersøk destinasjonar

  • I denne oppgåva kan de jobbe åleine eller i par.
  • De skal undersøkje ulike destinasjonar som har vorte tildelte merket for å vere eit berekraftig reisemål.
  • De kan velje destinasjonar frå lista under. Prøv å fordele destinasjonane mellom dykk.
  • De skal identifisere kva som skil "destinasjonen din" frå dei andre. Sjå etter kva som gjer denne staden så spesiell for turistar
Destinasjonar som har fått Berekraftig reisemål-merket
  • Den gyldne omvei i Trøndelag
  • Femund Engerdal på Austlandet
  • Geilo i Hol kommune
  • Geirangerfjorden, ein sidefjord av Storfjorden i Møre og Romsdal
  • Lillehammer i Gudbrandsdalen
  • Lindesnes og Mandal i Agder
  • Lofoten, øygruppe i Nordland fylke
  • Lyngenfjordregionen mellom Tromsø og Alta
  • Lysefjorden i Rogaland
  • Røros i Trøndelag
  • Setesdal i Agder
  • Tromsø i Troms og Finnmark fylke
  • Trysil i Østerdalen
  • Suldal i Ryfylke
  • Lærdal i indre Sogn
  • Vega på Helgeland i Nordland

Del 2: Lag ein digital, interaktiv plakat

  • Lag ein digital plakat om destinasjonen dykkar.
  • Bruk bilete og skriv litt om dei ulike elementa som gjer denne destinasjonen til eit heilskapleg reiselivsprodukt.

Del 3: Presenter

  • Presenter plakaten dykkar for klassen.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2020

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet