Hopp til innhald

Fagstoff

Det heilskaplege reiselivsproduktet

Som turistar ønskjer vi oss gjerne alt på éin stad. Vi vil ha både overnatting, servering og attraksjonar. I tillegg treng vi transporttenester og formidling av tilboda. Mange aktørar må samarbeide for å kunne tilby oss eit heilskapleg reiselivsprodukt.
Logoen til Dyreparken i Kristiansand. Illustrasjon.

Ein reiselivsdestinasjon som tilbyr både overnatting, servering, attraksjonar og transport, har det vi kallar eit heilskapleg reiselivsprodukt. Det kan vere ein stad, som til dømes Flåm, eller ein attraksjon, som Dyreparken i Kristiansand. Det kan òg vere eit cruiseskip, som Color Fantasy. Det er viktig å hugse på at reiselivsnæringa ikkje berre betener folk på reise, men også lokalbefolkninga, som kjøper opplevingar,
serveringstenester og transport der dei bur.

Det er store forskjellar i korleis Dyreparken i Kristiansand og staden Flåm er organiserte som reiselivsdestinasjonar. Vi skal sjå på ein modell[1] som viser korleis eit heilskapleg reiselivsprodukt kan vere sett saman.

Modellen er bygd opp rundt gjesten og består av eit ytre og eit indre lag.

Det ytret laget – rammefaktorane

I det ytre laget av sirkelen finn vi fire hovudgrupper av rammefaktorar: natur og kultur, andre næringar og sektorar, infrastruktur og fellesgode.

Natur og kultur

Natur- og kulturlandskap er grunnlaget for mange norske reiselivsbedrifter. Spesielt for internasjonale turistar er eit vakkert natur- og kulturlandskap svært attraktivt.

Menneskelege inngrep som veg, industri, master og vindmøller kan gjere det utfordrande å marknadsføre eit naturlandskap.

Kulturlandskap er område med eit nært samspel mellom menneske og natur. Dei fleste kulturlandskapa i Noreg er baserte på primærnæringane jordbruk og fiske. Det finst òg kulturlandskap som er prega av by- eller industrisamfunn, til dømes gruvebyen Røros.

Trehus i gatemiljø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Andre næringar og sektorar

Andre næringar og sektorar kan vere viktige leverandørar av varer og tenester utan å tilhøyre reiselivsnæringa. Døme er daglegvarehandelen, taxi, buss, byggjenæringa og landbruket.

Infrastruktur

Infrastruktur, som samferdsel, er ein del av det heilskaplege reiselivsproduktet. Tilgangen til for eksempel fly, tog, veg og bane er viktig. Det same er breiband, mobilnett og straum- og vassforsyning.

Fellesgode

Fellesgode omfattar mellom anna badestrender, rasteplassar og turløyper. Desse er med på å forbetre opplevinga til gjestane utan at det skaper direkte inntekter for ein enkelt reiselivsaktør.

Tursti på fjellet med vegskilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det indre laga – primærfaktorane

I det inste laga av sirkelen finn vi fire primærfaktorar: transport, overnatting, attraksjonar og servering.

Transport

Transport via veg, bane, luft eller sjø er ein viktig del av ei reise. Transporttid, transportkostnad og tilgjenge kan bestemme kvar vi har høve til å reise. Samtidig kan sjølve reisa vere ein sentral del av opplevinga.

Overnatting

Overnatting er ein viktig del av reiseopplevinga bortsett frå på dagsreiser. I valet av overnatting vektlegg turistar gjerne komfort og atmosfære – i tillegg til pris.

Attraksjonar

Attraksjonar kan vere så mangt – frå historiske og religiøse stader og bygg via unike naturfenomen til moderne opplevingsparkar. Alle typar attraksjonar er med på å gi reiseopplevinga eit minnerikt innhald. Sterke inntrykk frå til dømes ein rockekonsert eller frå ein tur på Trolltunga kan gi oss minne for livet.

Servering

Å planleggje ei reise ut frå kva og korleis vi kan ete og drikke, har blitt mykje vanlegare enn det var tidlegare. I dag er det fleire serveringsstader som opplever at gjestane deira har lagt opp reisa si for å oppleve nettopp den unike maten, miljøet og kvalitet deira. Spesielt gjeld dette for restaurantar som har éi eller fleire Michelin-stjerner, noko elleve restaurantar i Noreg har (2021).


Kjelde


G. Kamfjord. (2019). Det helhetlige reiselivsproduktet (6. utg.). Oslo: Fagspesialisten AS.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet