Servering - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLAHopp til innhald
Fagartikkel
Servering
Mat og drikke må vi ha! Servering er derfor ein viktig del av ferieopplevinga, og lokale mattradisjonar har i større grad hamna i fokus. Det finst mange ulike serveringsstader, alt frå dyre gourmetrestaurantar til vegkroer og gatekjøkken. Kva føretrekker du?
Utval av serveringsstader
Utvalet av serveringsstader varierer frå stad til stad, og frå by til distrikt. Serveringsstader på små stader og ute i distrikta er ofte avhengige av høgsesongane og turistane som kjem då.
I byar og på større stader driv serveringsstadene heilårsdrift, sidan dei har ein meir stabil etterspurnad frå lokalbefolkninga. Her blir omsetning frå turistar i høgsesongen berre ein ekstra bonus.
Trendar i serveringsnæringa – vektlegging av berekraft
Kva er dei nye satsingsområda innanfor serveringsnæringa i dag? Berekraftsperspektivet har vorte viktigare. Dette har ført til eit større søkelys på kortreist og økologisk mat, i tillegg til tiltak for å førebygge svinn.
Restaurantar som attraksjonar
Serveringsbransjen vil gjerne levere meir enn sjølve maten, og mange serveringsstader blir ein del av attraksjonstilbodet på staden.
Denne filmen tek oss med til Bodø. (Eit tekstsamandrag av visuelle element er lagt til under.)
Tekstsamandrag
I denne filmen, som er laga av Visit Bodø, blir vi betre kjende med ulike lokale serveringsstader og produsentar av mat og drikke. Den engelske forteljarstemma i starten er lagd over bilete av reindrift og mektig natur. Det blir vist klipp av bratte fjell, sterke havstraumar og vakre bilete av himmelen.
Franske Maddy er kokk, og vi følger henne frå der ho bur og fram til jobben hennar ved restauranten. Det blir vist klipp frå når ho lagar croissantar. Craig Alibone er Maddys sjef og eigar av restauranten. Han framhevar kor viktig det er å finne folk med dei rette verdiane og målsetjingane til å jobbe ved bedrifta. Michał Młynarczyk er medeigar i restauranten, og han vektlegg viktigheita av at alle detaljane er på plass for at kunden skal ha ei god oppleving hos dei. Mens dei snakkar, blir det vist bilete frå restauranten.
Per Ole Oskal er eigar av bedrifta Saltfjell Rein. Mens han fortel om å bevare kvaliteten på produktet dei sel, blir det vist bilete av rein på vinterbeite og frå prosessen med skjering av kjøtt.
Kjetil Småge er medeigar av Hundholmen Brygghus. Mens han snakkar om kundeopplevinga dei ønsker å skape, blir det vist bilete frå restauranten og frå kjøkkenet der kokkar lagar til mat.
Sigurd Rydland er eigar av bedrifta Taste of North. Mens han snakkar om lidenskapen sin for fisk, blir det vist bilete frå eit tørrfisklager og frå produksjonshallen ved bedrifta.
Ein tekstplakat kjem opp der det står "Come taste the passion".
Filmen er slutt.
Restauranten Under i Lindesnes er eit døme på ein restaurant som har blitt eit attraksjonstilbod. Restauranten er den første undervassrestauranten i Europa, og den største i verda. Under serverer mat frå havet, og det er lange ventelister for å få bord. Maten er lokal og kortreist. I denne korte filmen får vi eit innblikk i noko av det særeigne ved restauranten. (Eit kort tekstsamandrag er tilgjengeleg lenger nede.)
Kort samandrag av filmen om restauranten Under
I filmen ser vi glimt frå restauranten Under i Lindesnes. Bygningen ligg delvis under sjøoverflata. Ein undervassfotograf tek med seg kameraet sitt for å filme livet under vatn. Utanfor det store restaurantvinduet, som er 5,5 meter under sjøoverflata, ser vi blant anna maneter, fiskar og krabbar.
Mathallar
Ein annan trend er mathallar, som gjerne er å finne i store byar. Her kan du kjøpe ulik mat og drikke i ulike matbuer, og ete på langbord saman med andre. Vippa er ein av fleire mathallar i Oslo.
Vippa er òg eit godt døme på korleis serveringsbransjen jobbar for berekraft, og Vippas visjon er "Frå jord til bord til jord igjen". Lær meir om dette i filmen under.
Berekraftige vegkroer
Tradisjonelle vegkroer siktar seg òg inn mot ein berekraftig profil, og NAF-magasinet Motor kåra heile tre vinnarar av Årets vegmat i 2019. Vinnarane er vegkroer som "har ein klar tanke om kva dei ønsker å servere og kvifor", og som tilbyr sunn mat laga med lokale råvarer, langs vegen.
I 2019 vann Annis Spisested i Ringebu langs E6 i Gudbrandsdalen, Lokstallen ved fylkesveg 34 utanfor Brandbu og Anitas Sjømat langs E10 i Lofoten. Sunn mat held sjåførane vakne, meiner NAF.
Kjelde
NAF. (2019). NAF-magasinet Motor har kåret tre vinnere av Årets veimat i 2019. https://www.naf.no/om-naf/nytt-fra-naf/naf-magasinet-motor-har-karet-tre-vinnere-av-arets-veimat-i-2019/ (Henta 16.10.2020 kl. 10:51).