Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Fem på gata" om norske attraksjonar

Vi har mange attraksjonar i Noreg. Kva for nokre av dei er mest kjende?
Biletet viser fareskilt med troll på ved Trollstigen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal de lage ei «fem på gata»-undersøking for å finne ut litt meir om kor godt folk kjenner til norske attraksjonar.

Oppgåve

Førebuingar

  • På nettet: Søk etter og les om kjende norske attraksjonar. Kva er dei ti mest kjende?
  • Førebu tre korte spørsmål om norske attraksjonar, til dømes:

    • Kva for ti norske attraksjonar er dei første du tenkjer på?
    • Kva for tre trur du er mest kjende, og kvifor?
    • Kva er ein turistattraksjon for deg?

Del 1 – i par ute

  • Ta med dykk penn og papir og gå til sentrum eller eit handlesenter der de bur. Ta kontakt med folk på gata eller på senteret, og spør dei høfleg om de kan stille dei nokre spørsmål til eit skuleprosjekt om norske attraksjonar. Prøv å få intervjua fem ulike personar.

Del 2 – i par på skulen

  • Reinskriv intervjua dykkar i eit dokument, og set kvart intervju saman med biletet som høyrer til. Skriv ut og lag ein kollasj på veggen i klasserommet.

Del 3 – i klassen

  • Les kvarandre sine «fem på gata». Diskuter funna dykkar. Kva veit folk om norske attraksjonar? Kjenner dei til dei ti mest kjende attraksjonane? Er svara overraskande? Kvifor / kvifor ikkje?
  • Lag ei ny topp-ti-liste med dei attraksjonane som var mest kjende.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2021

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet