Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det heilskaplege reiselivsproduktet

Innanfor reiselivet er det vanskeleg å finne døme på at ei bedrift leverer ei total reiseoppleving åleine. Når vi bruker omgrepet det heilskaplege reiselivsproduktet, viser det nettopp til samspelet mellom ulike leverandørar og ulike tenester.
  1. Gå inn på Noregs offisielle reiselivsportal VisitNorway.
  2. Kva for nokre serviceelement er det som utgjer det heilskaplege reiselivsproduktet?
  3. Vis korleis dei ulike serviceelementa er varetekne i menyinndelinga hos VisitNorway.
  4. Finn ein lokal eller regional reiselivsportal på heimstaden din. Vis korleis portalen er bygd opp, og i kor stor grad han tek omsyn til det heilskaplege reiselivsproduktet.
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet