Hopp til innhald

Fagstoff

Opplevingar

Lysta til å oppleve noko nytt kan trigge reiselyst. Kanskje har du lyst til å oppleve noko du har sett delt på sosiale medium? Kva for opplevingar vi jaktar på, er ofte avgjerande for når, kvar og korleis vi reiser. Kva har du lyst til å oppleve på den neste ferien din?
Surfarar ligg i vatnet og ventar på ei passe bølgje. Blå himmel og kvite skumtoppar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplevingsferiar

Ei oppleving speler på kjensler og sansar. For reiselivsnæringa er det viktig å skape opplevingar som gir gjestane ein positiv kjenslereaksjon.

Opplevingsferiar er ei ferieform som aukar i popularitet. Produksjonen av opplevingsbaserte reiselivsprodukt skaper òg positive effektar for resten av reiselivsnæringa.

Det heilskaplege reiselivsproduktet kan vi illustrere i ein modell. Modellen nedanfor tek utgangspunkt i gjesten og er utarbeidd av professor Georg Kamfjord. Han består av eit indre og eit ytre lag av faktorar, der gjesten er plassert i midten.

Det indre laget av modellen består av faktorane overnatting, her omtalt som seng, servering, attraksjonar og transport. Det ytre laget består av dei fire faktorane natur og kultur, fellesgode, infrastruktur og andre næringar og sektorar. Dei ytre faktorane er sjølve grunnlaget for turistnæringa.

Opplevingar inngår i både dei indre og dei ytre faktorane. Gjestane skal få ei god oppleving i kvar enkeltoppleving, som eit restaurantbesøk eller ein fottur. Til saman utgjer alle enkeltopplevingane det heilskaplege reiselivsproduktet.

Fem sirklar, som er lagde lagvis innanfor kvarandre, illustrerer korleis dei ulike enkeltfaktorane til saman skaper eit heilskapleg produkt å tilby gjesten. Grafikk.

Opplevingar er drivkrafta i dagens reiseliv. Ulike former for opplevingar er ei viktig salsvare. Vi vil ikkje berre vere passive tilskodarar, til dømes til vakkert naturlandskap. Vi vil ha aktive opplevingar i naturen og gjerne lære noko nytt.

Døme

Du er på ferie i Lofoten og vil bli med på ein guida kajakktur for å oppleve naturen. Men det er ikkje berre naturopplevinga som er viktig. Du vil lett finne fram til kajakkutleiga, og du ønskjer å møte hyggjelege og serviceinnstilte tilsette. I tillegg forventar du ordentleg og reint utstyr og eit fint og reint utleigelokale med gode fasilitetar. Guiden må ha lokalkunnskap og kunnskap om sikkerheit til sjøs. Du ønskjer òg å lære om landskapet du padlar i, gjerne med lokale historier og kanskje nokre funfacts. Du vil med andre ord ha mykje meir enn berre ein kajakktur.

Opplevingsmåtar

Modellen til Kamfjord seier òg noko om opplevingsaspektet. Kamfjord meiner vi kan knyte det til fem kjende ord: sjå, vere, gjere, lære og nyte.

Sjå-opplevingar

Når du sit på ein sightseeingbuss eller køyrer gjennom eit vakkert landskap, kallar vi det ei sjå-oppleving. Ein sightseeingtur krev at attraksjonar er tilgjengelege og haldne ved like, men krev elles mindre tilrettelegging enn aktivitetar som kajakkpadling.

Sightseeingbuss i New York, knallraud og i to etasjar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vere-opplevingar

Å gå på konsert eller fotballkamp er døme på opplevingar der du tek meir aktivt del i sjølve opplevinga, og dette kallar vi vere-opplevingar. Stille, ro og mindfulness er andre døme. Feriar som fokuserer på slike opplevingar, har blitt populære, sidan mange ønskjer å kvile i ferien sin. Du kan til dømes reise til eigne "retreats" for å berre vere. Der er du til stades i opplevinga med alle sansane dine – du høyrer, ser, luktar, føler. Å dyrke det autentiske, det som er ekte, er viktig ved slike opplevingar.

Fire personar som gjer sitjande yoga-øving. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjere-opplevingar

Å gjere noko aktivt sjølv kan kallast ei gjere-oppleving. Det kan vere uorganisert, som til dømes å gå frå hytte til hytte i fjellet, eller det kan vere organisert, som å bli med på ein organisert segltur. Gjere-opplevingar er kjernen i det som blir kalla aktivitetsferie.

Denne forma for opplevingar krev mykje planlegging og tilrettelegging frå arrangørane, det gjeld både dei uorganiserte og dei organiserte aktivitetane. Den Norske Turistforening jobbar til dømes kontinuerleg med å merkje stiar, halde ved like hytter og utvikle produkt etter ønska og behova til gjestane.

Gruppe med guide på ein isbre. Alle er utstyrte med ein sele festa til eit felles tau, og dei har hjelm og stegjern. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lære-opplevingar

Opplevingar som er knytte til lysta til å lære noko nytt, blir omtalte som lære-opplevingar. Dei utgjer ofte kjernen i kulturbaserte opplevingar, og dei kan gå føre seg både i uorganiserte og i organiserte former. Eit døme på ei uorganisert lære-oppleving kan vere å besøkje eit museum for å lære meir om vikingane. Ei organisert lære-oppleving kan til dømes vere å delta på ein lokalmatsafari på Røros, der ein lærer om lokale råvarer og mattradisjonar.

Denne forma for opplevingar krev mykje tilrettelegging. Arrangørane må tilpasse produkta etter ønske og behov, og sørgje for autentisitet og kvalitet.

Kokkar som røykjer mat utandørs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyte-opplevingar

Nyte-opplevingar handlar om fysisk og psykisk velvære. Det kan vere ein hotelltur til vakre Haaheim Gaard, det kan vere ein matfestival eller ein skitur på fjellet. Kva ei nyte-oppleving kan bestå i, blir bestemt ut frå kva som er luksus og nyting for kvar enkelt, og kan dermed vere ulikt alt etter kven du spør. Det treng ikkje nødvendigvis å koste noko. Somme kan nyte opplevinga av å sitje på ein fortausrestaurant i ein storby, andre nyt fred, ro og stille.

To personar ligg og les på kvar si solseng ved ein bassengkant med utsikt mot havet og horisonten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forventningar i reiselivet

Opplevingselementet stiller høge krav til reiselivsnæringa. Gjestane bruker både tid og pengar på ei feriereise, og forventningane til gode opplevingar er høge. Opplevingar som gir gode minne, gir eit ønske om å kome tilbake.

Reiselivsnæringa må tilby kvalitet i alle ledd av verdikjeda, og ho må derfor halde seg oppdatert på kor tilfredse gjestane er. Dette kan gjerast ved hjelp av enkle spørjeundersøkingar og evalueringar.

Kjelde


Kamfjord, G. (2019). Det helhetlige reiselivsproduktet. (6. utgåve). Fagspesialisten AS.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet