Hopp til innhald

Fagstoff

Transport

I Noreg kan vi reise med ulike transportmiddel, som tog, buss, bil, fly og ferjer. Høge fjell og djupe dalar kan gjere transport til og frå reiselivsdestinasjonane utfordrande. I mange tilfelle må vi derfor nytte fleire transportmiddel for å nå reisemålet.
Flåmsbana. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samspelet mellom transport og turisme

Transport er den viktigaste føresetnaden for reiseliv. Vi må kome oss til reiselivsdestinasjonen, og vi treng ofte transport mellom ulike attraksjonar på staden.

Samspelet mellom transport og turisme er viktig for ein reiselivsdestinasjon. Er transporttilbodet tilstrekkeleg? Viss ikkje, kan dette avgrense vekst og utvikling? Det er viktig at representantar for heile destinasjonen deltek i utforminga av det totale transporttilbodet.

Vi deler gjerne transport inn i to typar, primærtransport og sekundærtransport.

Primærtransport

Transport til og frå ein reiselivsdestinasjon blir kalla primærtransport. Det kan til dømes vere fly, båt, tog, buss, bil, motorsykkel eller bubil. Kva transportmiddel vi vel, avheng av kor langt vi vil reise, kor mykje det kostar, og kor lenge vi vil vere borte.

Sekundærtransport

Transport på sjølve reiselivsdestinasjonen blir kalla sekundærtransport og er ein del av ferieopplevinga. Dette kan til dømes vere bane, buss, bil, taxi, sykkel, elsparkesykkel, båt eller tog.

Dei nasjonale turistvegane er døme på sekundærtransport for turistar. Desse vegstrekningane er spesielt lagde til rette for turistar, med flotte rasteplassar og utkikkspunkt. I Noreg har vi 18 nasjonale turistvegar.

Les meir om dei flotte nasjonale turistvegane i Noreg

Nasjonale turistvegar, visitnorway.no

Reise til Lofoten – eit døme

Sei at du bur i Kristiansand og ønskjer å reise til Lofoten. Då har du fleire moglege reiseruter. Om du ikkje har meir enn éi veke ferie, vel du gjerne fly for å få mest mogleg tid i Lofoten.

Til Kristiansand lufthamn, Kjevik tek du gjerne buss eller bil. Så flyg du til Leknes eller Svolvær lufthamn. Der køyrer du kanskje leigebil, taxi eller buss til overnattingsstaden.

Transporten heilt fram til overnattingsstaden blir rekna som primærtransport. Her ønskjer vi ei rask og effektiv reiserute, til ein rimelegast mogleg pris.

I Lofoten leiger du kanskje ein sykkel eller ein kajakk for å kome deg rundt, og du blir gjerne med på ein rib-tur. Dette er sekundærtransport, der opplevinga er det viktigaste.

Kajakpadler ved en havn i Lofoten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transport og miljø

Flybransjen og cruiseindustrien er dei to næringane som har størst utfordringar med omsyn til miljø, innan reiselivet. Dei har fått mykje kritikk for høge CO₂-utslepp. I fleire hamner blir det no lagt til rette for landstraum for cruisebåtar, og fleire selskap utviklar nye og berekraftige alternativ. Døme på dette er Color Lines og Hurtigrutas hybridskip. Eit anna døme er dei heilelektriske turistbåtane som allereie er å finne i Oslofjorden og på Svalbard.

Turistar er stadig meir miljømedvitne, og mange vel transportformer som er minst mogleg belastande for miljøet. Dette legg press på aktørane i transportsektoren og bidreg dermed til utvikling av meir berekraftige alternativ.

Kjelde


Kamfjord, G. (2019). Det helhetlige reiselivsproduktet. (6. utgåve). Fagspesialisten AS.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 21.07.2023

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet