Hopp til innhald

Fagstoff

Frå stad til reiselivsdestinasjon

På 1800-talet kom dei første turistane til Noreg. Det var engelskmenn som oppsøkte den norske naturen. Dei ville oppleve fjell, fjordar, jakt, fiske, fotturar og tindekliving. Sidan den gongen har utviklinga i reiselivet gått fort, men kva skal til for at ein stad blir ein reiselivsdestinasjon?
Flåm, ei bygd inst i Aurlandsfjorden. På biletet ser vi turistkaia med busetnad og parkeringsplassar, og Fretheim Hotel og Flåm jernbanestasjon i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skal til?

Reiselivsnæringa er ei tenesteytande næring som sel produkta sine til lokalbefolkninga og til norske og utanlandske turistar. For at ein stad skal bli til ein reiselivsdestinasjon, må det vere noko som kan tiltrekkje besøkjande. Staden må i tillegg ha fasilitetar som dekkjer dei andre behova til turistane, som overnatting, servering og butikkar. Ikkje minst må staden vere tilgjengeleg. For å kunne tilby ei heilskapleg reiselivsoppleving må lokalbefolkninga og reiselivsaktørane samarbeide, og saman skape ein heilskapleg reiselivsdestinasjon.

Attraksjonar

Staden må ha attraksjonar som er så attraktive at turistar ønskjer å sjå og oppleve det sjølv. Attraksjonar kan vere både naturgitte og menneskeskapte. Djupe fjordar, høge fjell, fossefall, skog, elvar, skjergard og hav er døme på naturgitte attraksjonar. Menneskeskapte attraksjonar kan vere alt frå festivalar til underhaldningsparkar og kjende bygningar.

Samarbeid

For å utvikle ein stad til ein reiselivsdestinasjon krevst det samarbeid mellom små og store aktørar på staden. Samarbeid fører til større mangfald i tilbodet, og til at aktørane blir sterkare saman. Inntekter frå turisme kan brukast på lokal utvikling, til å skape arbeidsplassar og til å forhindre fråflytting.

Diskuter i klassen
  • Kva forventningar har de til stader de har lyst til å besøkje?
  • Kva er avgjerande når de vel stad når de skal ut og reise?
  • Kva er det som får dykk til å velje éin stad framfor ein annan?

Omgrepet reiselivsdestinasjon

Ifølgje Innovasjon Norge er ein reiselivsdestinasjon eit geografisk avgrensa område. Det kan vere ein kommune, som til dømes Trysil. Det kan òg vere ein del av ein kommune, som til dømes Geilo. Det kan eventuelt vere fleire kommunar, som til dømes Setesdal.

Georg Kamfjord definerer ein reiselivsdestinasjon som «Et samlet tilbud av varer og tjenester og frie goder, som tilfredsstiller den reisendes behov i forbindelse med midlertidige opphold utenfor hjemstedet».

Turistane som kjem, må ha tilbod om ein stad å bu, servering og aktivitetar. Dei treng òg tilgang til andre tenester som butikkar, bensinstasjonar, apotek og helsetenester. I tillegg må infrastrukturen vere på plass, som vegar, tog, buss og båt. Avstand til flyplass er òg viktig.

Utviklinga frå ein stad til ein reiselivsdestinasjon – eit døme

Kjelde

Innovasjon Norge. (u.å.). Definisjoner og begreper. Henta frå https://www.innovasjonnorge.no/globalassets/0-innovasjonnorge.no/vare-tenester/reiseliv/merket-for-barekraftig-reiseliv/definisjoner-og-begreper.pdf


CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020

Læringsressursar

Reiselivsdestinasjonar