Hopp til innhald

Fagstoff

Gummi frå løvetann – ein berekraftig veg til framtida

Ein spesiell løvetannart kan gi oss meir miljøvennlege bildekk. Finn ut korleis det er mogleg å lage dekk av løvetann.
Hand plukkar løvetann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gummi blir brukt i mange produkt

I dagleglivet blir gummi brukt i mange produkt: Kondom, gummistrikk, viskelêr og bildekk er nokre døme blant over 40 000 produkt.

Gummi kan vere naturleg eller syntetisk. Fordi gummi blir brukt til så mange ulike produkt, er etterspørselen stor, og den naturlege produksjonen er ikkje stor nok til å dekkje behovet. Syntetisk gummi blir laga av fossil olje.

Kvit væske fra barken på eit tre samlast opp i ei svart skål festa til stammen på treet. Foto.

Når vi bruker bildekk laga av syntetisk gummi, blir det frigjort gummi som endar opp i naturen og havet. Forskarar jobbar med å finne meir miljøvennlege alternativ.

Gummi frå tre og fossil olje

Mesteparten av den naturlege gummien i verda kjem frå plantasjar med det tropiske gummitreet (Hevea brasiliensis). 90 % av produksjonen skjer i Søraust-Asia.

Det viser seg at det finst fleire naturlege kjelder til gummi: Gummi frå russisk løvetann (Taraxacum kok-sahhyz) er allereie teke i bruk.

Gummi frå løvetann framom bildekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturleg gummiproduksjon forårsakar avskoging

Mesteparten av gummien blir brukt til å lage bildekk. I tillegg til at denne produksjonen ikkje er berekraftig, har han vorte mindre lønnsam. Fleire av dei som driv plantasjane har gått over til å dyrke palmar til palmeoljeproduksjon. I tillegg blir dei naturlege gummiplantasjane truga av klimaendringar og plantesjukdommar.

Framtida for den naturlege gummiproduksjonen er usikker. Syntetisk gummi kan erstatte ein del av gummiproduksjonen, men det gjer oss avhengige av fossil olje. I jakta på eit miljøvennleg og berekraftig alternativ blir gummi frå løvetann testa ut.

Russisk løvetann

Den russiske løvetanna (Taraxacum kok-sahhyz) vart oppdaga i Kasakhstan i 1931. Som andre løvetannartar har den gule blomster, men røtene har ein høgare del gummi enn løvetannartane som veks i Europa.

Kort tid etter oppdaginga sette Sovjetunionen i gang med storskala dyrking av russisk løvetann, for å sikre tilgang til gummi utan å vere avhengig av import.

Då Japan overtok gummiplantasjar i Søraust-Asia i løpet av 2. verdskrigen, byrja land som USA og Tyskland å dyrke løvetann for å lage gummi. Etter krigen fekk ein igjen tilgang til gummiplantasjane i Søraust-Asia, og interessa for løvetann forsvann – inntil dei siste åra.

Russisk løvetann er hardfør og veks raskt

I dag blir det forska stadig meir på russisk løvetann. Tyske forskarar og dekkprodusentar er blant dei som undersøkjer moglegheitene løvetann kan gi.

Ein av fordelane med russisk løvetann er at planta er veldig hardfør. Ho kan vekse i nokså kjølige klima og stiller heller ikkje store krav til jorda. I tillegg veks løvetann mykje raskare enn gummiplanta.

Løvetann kan haustast to gonger i året, medan det tek 7–10 år før ei gummiplante kan gi gummi. Russisk løvetann produserer òg eit sukkerliknande stoff som potensielt kan brukast til biodrivstoff.

Oppbygging og eigenskapar til gummi

Gummi har eigenskapar som gjer at det eignar seg i mange produkt. Gummi er bygd opp av mange like einingar, og kallast ein polymer. Han kan strekkast over det dobbelte av den opphavlege lengda sin, utan å ryke.

Blå linjer som er vovne inn i kvarandre på to måtar: som ein ball og strekt ut. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei lange kjedene av polymerar er vovne inni kvarandre, nesten som kokt spagetti. Denne samanvovne strukturen er forklaringa på kvifor gummi ikkje så lett blir sliten sund.

Denne artikkelen er ei omarbeidd utgåve av "Turning dandelions into rubber: the road to a sustainable future".

Kjelde

Göbel, M. og Gröger, M. (2018, 29. mars). Turning dandelions into rubbar: the road to a sustainable future. Henta 28. januar 2020 frå https://www.scienceinschool.org/content/turning-dandelions-rubber-road-sustainable-future


CC BYSkrive av Mareike Göbel og Martin Gröger.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk