Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er problemet med plasten?

Sjå ein kort film om plast og plastposar. Diskuter problemstillingar knytte til plast i klassen.

Sjå filmen "Folkeopplysningen – kort forklart: Plastposer"

Spørsmål til diskusjon

Etter å ha sett filmen kan de diskutere desse oppgåvene i klassen:

  1. Kvifor er det vanskeleg å avgjere kor miljøvennleg eit produkt er?
  2. Kva eigenskapar har plast som gjer at det blir brukt til så mange ulike produkt?
  3. Svært lite av plasten vi bruker i Noreg hamnar i naturen. Det aller meste blir kasta i restavfallet, resirkulert eller gjenvunne. Kva er då problemet med å bruke plast?
  4. Marin forsøpling er eit stort problem i Noreg og mange andre land. Plast utgjer ein stor del av denne forsøplinga. Kvar kjem søppelet frå? Korleis hamnar dette langs kysten av Noreg?
  5. Korleis kan vi i Noreg bidra til at problemet med marin forsøpling blir mindre?
  6. Diskuter påstanden:

    Når vi kjøper billege produkt frå andre land, bidreg vi indirekte til plastforsøpling i Noreg.

Oppsummering av diskusjonen

  • Kva har de funne ut i løpet av diskusjonen?
  • Er det nokon ting de ikkje er sikre på? Kva må de finne ut meir om?
  • Har de blitt merksame på problemstillingar som de har lyst til å finne ut meir om?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk