Hopp til innhald

Fagstoff

Kort fortalt om plasten si historie

Denne filmen gir ei kortfatta oversikt over utviklinga til plasten – frå han såg dagens lys og fram til i dag.

Filmen er teksta på norsk (bokmål). Klikk på tannhjulet og vel språk.

Oppgåver til filmen

  1. Kva var bakgrunnen for utviklinga av plast?
  2. Kva er ein polymer?
  3. Gi døme på naturlege polymerar.
  4. Kva er celluloid? Kva var det største problemet med celluloid?
  5. Kva er bakelitt?
  6. Kva håpa ein at oppdaginga av plast skulle føre til på 1930-talet? Kva skjedde i staden for?
  7. Kva problem ved plast blir det peika på i filmen?
  8. Plast laga av fossil olje blir broten ned svært langsamt. Kvifor er dette eit problem?
  9. Diskuter løysingane på plastproblema som blir foreslåtte i filmen. Kva for eit synest de er best?
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk