Hopp til innhald

Fagstoff

Havet – stort, men sårbart

Havet verkar uendeleg stort – så stort at det nesten synest upåverka av det vi menneske føretek oss. Opphoping av plastavfall og forsuring er teikn på at dette ikkje stemmer. Hva bruker vi havet til, og hva gir vi tilbake?
Ein lastebåt er ute på stormfullt hav. Høge bølger slår mot svaberg framme i biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Havet gir og havet får

For få år sidan var det heilt vanleg å sende ureinsa kloakk rett ut i havet. I dag høyrest dette heilt utruleg ut, men situasjonen er kanskje ikkje så mykje betre no likevel. Vi veit at det kvart år blir kasta 9–14 millionar tonn plast ut i havet (Marfo, u.å.). Det tilsvarer at søppelbilen tømmer eit lass med plast på stranda kvart minutt, kvar dag i eit heilt år!

Idéen om at vi kan dumpe søpla vår i havet utan at det har nokon konsekvensar, vil sjølvsagt ikkje bidra til ei berekraftig utvikling. Oppslag i media om kval, fisk og fugl med magen full av plast, har skapt mykje merksemd rundt marin forsøpling. Kanskje er vi ved eit vendepunkt når det gjeld synet på havet som stort og upåverkeleg for menneskeleg aktivitet?

Havet pustar inn CO2

Havet si evne til å ta opp CO2 har gjort at mange har fått eit håp om at havet skal bli redninga ut av den aukande globale oppvarminga. Havet har evne til å ta opp mykje meir CO2 enn det gjer i dag, men denne evna minkar hvis havet blir varmare.

Problemet er at når CO2-konsentrasjonen i havet aukar, blir havet surare. I prinsippet er det det same som skjer når du bruker ein brusmaskin: CO2 blir tilsett vatnet, og vi får vatn med kolsyre.

Surare hav

Surare hav er dårleg nytt for organismar som skjel, sniglar, korallrev og nokre typar plankton. Desse har eit utvendig skjelett av kalk som ikkje vil dannast dersom vatnet er for surt.

Utan kalk vil ikkje desse organismane kunne leve. Ein nedgang i førekomsten av dei vil påverke andre artar i næringskjeda. Nedgang i mengda plankton i eit økosystem vil blant anna påverke økonomisk viktige artar som torsk og sild, som er lengre oppe i næringskjeda.

Reaksjonslikninger som viser at karbondioksid frå lufta blir løyst opp opp i vatn og dannar karbonsyre. Karbonsyra gjer at pH i havet søkk, slik at kalkskal til dyr blir deformerte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Havet som matfat

Havet er viktig for å dekke behovet for mat til ei stadig veksande befolkning. 10 % av maten vi et, kjem frå havet. Dette verkar kanskje litt lågt når vi veit at planteproduksjonen i havet er like stor som på land?

Forklaringa ligg i at det vi et frå havet, stort sett er fisk, som jo er høgt oppe i næringskjedene. Mykje av energien som planteplanktonet har fanga frå sollyset ved hjelp av fotosyntesen, går tapt på vegen.

Marin forsøpling – plast er ikkje fantastisk!

Ein stor del av avfallet som hamnar i havet, er plast. Denne plasten tek livet av sjøfugl, sjøpattedyr og fisk kvar dag. Dyra viklar seg inn i plasten, blir sitjande fast og druknar. I løpet av eitt år er det snakk om over 1 million individ. Då er ikkje fisken rekna med.

Plasten blir etter kvart delt opp i mindre bitar. Desse er så små, at fisken trur det er plankton og et seg mett på plast. I staden for å få i seg viktige næringsstoff endar fisken opp med farlege giftstoff i seg. Desse følger med oppover i næringskjeda og kan ende opp på middagsbordet vårt.

Død fugl med magen full av plast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fiskeri og oppdrett

Fiskeri og oppdrett er den nest største eksportnæringa i Noreg og bidreg til mange arbeidsplassar langs kysten.

For å sikre at vi ikkje tek opp meir fisk enn tilveksten, blir fiskerinæringa strengt regulert. På bakgrunn av råd frå havforskarar blir det fastsett kvoter for ulike fiskeartar kvart år. Mange artar blir påverka indirekte av fisket som går føre seg. Bestandar av sjøfugl blir sterkt påverka av storleiken på somme fiskebestandar.

Oppdrettsnæringa har vakse kraftig og påverkar dei marine økosystema i stadig større grad. Rømd laks gyt med den ville laksen, påverkar det genetiske mangfaldet og spreier sjukdommar og parasittar. Fôr og avføring frå oppdrettsanlegg bidreg til algeoppbløming (Miljødirektoratet, 2023).

Fiskemerdar i sjøen nær land. Sjøen er omkransa av fjell og naturlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vindkraft til havs

Vind er ei fornybar energikjelde som vi har mykje av. Etablering av vindmøller på land har møtt ein del motstand i Noreg, blant anna fordi det fører til inngrep i naturen. Vindmøller kan òg påverke dyreliv negativt og føre med seg støy.

Ved å etablere vindmølleparkar til havs unngår ein nokre av desse problema. Men fordi det er mykje vi ikkje veit om dei moglege skadeverknadene på livet i havet, må vi basere avgjerder på den nyaste forskinga som er tilgjengeleg.

Mange vindturbinar står ute i havet. Sjøsprøyt blir vist framme i biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

FN-sambandet. (u.å.). Verdens miljødag. Henta 24. november 2023 frå https://www.fn.no/om-fn/fn-dager-kalender/kalender/verdens-miljoedag

Marfo. (u.å.). Plast i havet. Henta 24. november 2023 frå https://www.marfo.no/plast-i-havet/

Miljødirektoratet. (2023, 11. september). Akvakultur (fiskeoppdrett). https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/vann-hav-og-kyst/Akvakultur-fiskeoppdrett/

Nofima. (2021, 16. februar). Verdt å vite om tare til mat. https://nofima.no/fakta/verdt-a-vite-om-tare-til-mat/

Relatert innhald

Bruk det interaktive kartet frå Miljøstatus.no og finn ut kvar i Noreg vi har korallrev og viktige førekomstar av tareskog.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2023

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk