Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kan alginat erstatte plast?

Utvinn stoffet alginat frå tang og tare og test korleis det eignar seg som emballasje. Kan alginat erstatte plast?
Dørslag med tare blir skylt i vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Alginat er karbohydrat som blir vunne ut av tong og tare. Alginat kan løysast i vatn og danne gelear som toler både frysing og høge temperaturar. Kvart år blir det hausta store mengder tang og tare langs norskekysten.

Hensikt

Formålet med forsøket er å utvinne algiant frå tang og tare og undersøkje eigenskapane til stoffet. De skal òg designe eit forsøk der de undersøkjer eigenskapane til alginat som emballasje.

Framgangsmåte

Del 1: Trekk ut alginat

I denne delen skal de trekkje ut alginat frå tangen eller taren. Metoden er enkel, men nokså tidkrevjande. Resultatet blir ein brunaktig gelé.

Viss de vil prøve ut ein metode som er litt meir teknisk og gir reinare gelé, kan de bruke metoden som er beskriven av Martin Sterner.

Kaffefilter i filterholder som står oppi  glass med påskriften "Norge". Foto.
  1. Veg opp 100 g blæretang (eller annan brunalge, alle inneheld alginat) og skyl han godt i kaldt vatn.
  2. Klipp opp tangen i små bitar.
  3. Ha tangen i ein kjele og tilset så mykje vatn at all tangen er dekt av vatn.
  4. Tilset 20 g natron per liter vatn.
  5. La tangblandinga koke eit par timar. Først blir tangen grøn. Etter kvart får du ein tjukk og raudbrun graut. Jo lenger du koker tangen, jo meir av alginatet vil du kunne trekkje ut av tangen.
  6. Hell løysninga gjennom eit dørslag for å få bort dei grovaste delane.
  7. Hell denne løysninga gjennom ei mjølsikt eller ei tesil.
  8. Til slutt heller du løysninga gjennom eit kaffifilter som står i ei trakt og over i ein behaldar. Viss det er vanskeleg å filtrere løysinga fordi ho er for tjuktflytande, kan du fortynne ho med vatn før du filtrerer ho.
  9. Kok inn løysninga for å få ho så tjuktflytande som du ønskjer. (viskosistet)
  10. La løysninga blir avkjølt til romtemperatur.

Del 2: Lag alignatgel

Gulrotbit på ein gaffel blir dyppa ned i ei brun løysning i eit glas. Ved sida av står eit glas med ei blakka løysning. Tare kan skimtast i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Lag ei 12 % løysning av CaCl2. Sjå oppskrift i lista med utstyr over.
  2. Dryp nokre dropar av alginatløysninga i kalsiumklorid-løysninga. Observer kva som skjer.
  3. Fest ei gulrotskive til ein tannpirkar eller ein gaffel og dypp skiva ned i alginatløysninga.
  4. Deretter dyppar de gulrotskiva i CaCl2-løysninga.

Resultat

  • Beskriv kva som skjer når de dryp ein drope av alginat-løysninga ned i kalsiumklorid-løysninga.
  • Kva skjer med gulrotskiva med alginatløysning når ho blir dyppa i kalsiumklorid-løysninga?

Design eit forsøk med alginatemballasje

  • Design eit forsøk der de skal teste ut kor eigna alginatet dykkar er som emballasje for grønsaker til dømes.
  • Presenter resultata frå emballasjetestane dykkar. Utform resultata som ein poster, ein kort info-film, ein podkast eller eit nyheitsinnslag på TV.

Aktulle spørsmål

  • Kan alginat erstatte plast?
  • Kan alginat erstatte plast i andre samanhengar enn som emballsje?
  • Kva fordelar og ulemper er det med å vinne ut alginat frå tang og tare?
  • Kor berekraftig er sjølve utvinningsprosessen av alginat?
  • Foreslå tiltak som kan gjere utvinningsprosessen meir berekraftig.
  • Finn ut om det finst andre kjelder til alginat enn tang og tare.

Kjelder

Abraham, A., Afewerki, B., Tsegay, B., Ghebremedhin, H., Berhane Teklehaimanot, B., og Reddy, K. S. (2018). Extraction of Agar and Alginate from Marine Seaweeds in Rei Sea Region. International Journal of Marine Biology and Research
3(2): 1-8.
https://symbiosisonlinepublishing.com/marine-biology-research/marine-biology-research26.php

Larsen, B. E. (2014, 16. februar). Alginat på kjøkkenbenken. Benjamin E. Larsens blogg. http://benjaminlarsen.net/blog/2014/02/alginat-pa-kjokkenbenken/

Sterner, M., Edlund, U. Multicomponent fractionation of Saccharina latissima brown algae using chelating salt solutions. (2016). J Appl Phycol 28, 2561–2574. https://doi.org/10.1007/s10811-015-0785-0

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk