Hopp til innhald

Fagstoff

Slik kan de jobbe med "Plasten – populær og problematisk"

Her er forslag til korleis de kan jobbe med dette temaet. Få oversikt over kva de kan frå før, finn ut meir og undersøk løysingar på problema med plasten.

Kom i gong med "Plasten – populær og problematisk"

Denne sida inneheld forslag til korleis de kan jobbe med dette temaet. Vi har bygd det opp med ulike delar som speglar ulike fasar i arbeidet. Først finn de ut kva de kan frå før, og kva de vil jobbe vidare med. Så får de moglegheita til å lære meir gjennom varierte ressursar. Til slutt undersøkjer de ulike vinklingar på plast, og korleis vi kan løyse problema som plasten forårsakar.

Til kvar del har vi lista opp forslag til ressursar de kan bruke. I lista nedst finn de igjen alle desse, i tillegg til ein god del fleire ressursar.

Del 1: Få oversikt

I denne delen skal de finne ut kva de kan om plast frå før. De får òg klargjort kva de treng å vite meir om for å kunne forstå kva som er problemet med plast, og for å kunne foreslå løysingar.

Forslag til ressursar

Del 2: Finn ut meir på ulike måtar

I denne delen vel de ressursar som hjelper dykk å finne ut meir om plast. De kan lese tekstar, sjå film, diskutere påstandar og gjere forsøk og undersøkingar. Under har vi sett opp nokre ressursar. Det finst fleire i opplistinga nedst på denne sida.

Forslag til ressursar

Del 3: Gå i djupna

Etter å ha fått oversikt over kva plast er, og korleis plast kan vere eit problem, er de kanskje klare til å jobbe med løysingar?

Vi har laga forslag til korleis de kan angripe denne utfordringa med utgangspunkt i ulike yrkesfaglege utdanningsprogram og ulike fag. I desse oppgåvene må du bruke kunnskap frå fleire fag for å komme i mål, sjølv om du tek utgangspunkt i eit bestemt yrke eller fag. Bruk gjerne eit av forslaga våre, eller formuler ei problemstilling eller oppgåve sjølv.

Forslag til ressursar (aktuelle fag i parentes)

Del 4: Del det de har funne ut

Det er gøy å dele det de har funne ut med andre. Lag rapportar, podkastar, filmar og plakatar. Vel sjølv!

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk