Oppgåve
Interaktivt innhald
Design nye produkt av plastavfall
Korleis kan avfall bli ein ressurs? I filmen møter vi Stian Rossi som jobbar som produktutviklar og materialforskar. La deg inspirere av korleis resirkulert plast kan bli til nye produkt.

Del 1: Sjå filmen om design for framtida
Filmen (lengde 3:42) finn du på delekunnskap.no.
Del 2: Utforsk plast som materiale
- Start på same måten som produktutviklaren i filmen og finn ut kva plast er.
Undersøk korleis resirkulert plast kan brukast som ein ressurs.
Informasjon om gjenvinning av plast finn du på nettsidene til Grønt Punkt Norge.
Del 3: Idéutvikling til eit produkt av resirkulert plast
- Jobb i grupper og bli einige om eit produkt de vil designe. Materialet skal vere resirkulert plast.
- Definer målgruppe og lag idéskisser til ulike løysingar.
- Eksperimenter med form og funksjon og vel ei løysing de vil gå vidare med.
- Lag arbeidsteikning, planlegg produksjonen og lag ein prototyp eller eit ferdig produkt.
- Presenter idéutviklinga og produktet for klassen.