Oppgåve
Forsøk: Finn mikroplast i kosmetikk
Undersøk kosmetikk og sjå kor mykje mikroplast de finn.

Bitar av mikroplast i prøve frå sjøvatn, sett i mikroskop.
Mikroplast har vore ein vanleg ingrediens i kosmetiske produkt. I EU blir det jobba for eit forbod mot mikroplast i kosmetikk.
Formål
Undersøk om det finst mikroplast i kosmetikk de har heime (eller kjøper inn).
Framgangsmåte
Del 1
- Ta med kosmetikk heimanfrå eller kjøp i butikken.
- Lag ei saltvassløysing med 350 g salt per liter vatn. Bruk varmt vatn. Plasten vil flyte opp i ei slik metta saltløysing.
- Ta ut omtrent 1 g frå kvart produkt og bland ut i 100 ml saltvassløysing.
- Bland godt og lat det stå i nokre minutt.
- Plastpartiklar vil flyte opp. Hell blandinga gjennom eit filter i ei trakt over i eit begerglas.
- Tørk filtera i luft eller tørkeskap.

Eksempel på forsøksoppsett
Del 2
- Overfør partiklar frå filtera til petriskåler.
- Bruk ei lupe med godt lys eller eit mikroskop, og leit etter plastpartiklar.
- Ta bilete med mobiltelefon gjennom okularet på lupa eller mikroskopet. Bruk zoom-funksjonen på kameraet. For å få riktig avstand når de tek bilete, kan de setje ein dorullkjerne mellom okularet og kameralinsa.
Resultat
Lag ei oversikt over plastpartiklane de finn. Bruk atlas for mikroplast hos miljolare.no for å identifisere ulike typar mikroplast.
Jobb vidare
Finn ut kvifor dei som lagar kosmetikk, bruker mikroplast i enkelte produkt. Kan mikroplasten erstattast av andre ingrediensar?