Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Finn mikroplast i kosmetikk

Undersøk kosmetikk og sjå kor mykje mikroplast de finn.
Raude partiklar på svart bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mikroplast har vore ein vanleg ingrediens i kosmetiske produkt. I EU blir det jobba for eit forbod mot mikroplast i kosmetikk.

Formål

Undersøk om det finst mikroplast i kosmetikk de har heime (eller kjøper inn).

Framgangsmåte

Del 1

  1. Ta med kosmetikk heimanfrå eller kjøp i butikken.
  2. Lag ei saltvassløysing med 350 g salt per liter vatn. Bruk varmt vatn. Plasten vil flyte opp i ei slik metta saltløysing.
  3. Ta ut omtrent 1 g frå kvart produkt og bland ut i 100 ml saltvassløysing.
  4. Bland godt og lat det stå i nokre minutt.
  5. Plastpartiklar vil flyte opp. Hell blandinga gjennom eit filter i ei trakt over i eit begerglas.
  6. Tørk filtera i luft eller tørkeskap.
Forsøksoppsett med begerglas, filter, trakt, petriskål og mikroskop. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2

  1. Overfør partiklar frå filtera til petriskåler.
  2. Bruk ei lupe med godt lys eller eit mikroskop, og leit etter plastpartiklar.
  3. Ta bilete med mobiltelefon gjennom okularet på lupa eller mikroskopet. Bruk zoom-funksjonen på kameraet. For å få riktig avstand når de tek bilete, kan de setje ein dorullkjerne mellom okularet og kameralinsa.

Resultat

Lag ei oversikt over plastpartiklane de finn. Bruk atlas for mikroplast hos miljolare.no for å identifisere ulike typar mikroplast.

Jobb vidare

Finn ut kvifor dei som lagar kosmetikk, bruker mikroplast i enkelte produkt. Kan mikroplasten erstattast av andre ingrediensar?

Kjelder

Framtiden i våre hender (2020, 12. februar). Den mest miljøvennlige kosmetikken. Henta 18. mars 2020 frå https://www.framtiden.no/gronne-tips/fritid/den-mest-miljovennlige-kosmetikken.html

Miljølære.no (2019). Jakten på mikroplasten. Henta 17. mars 2020 frå https://www.miljolare.no/aktiviteter/mikroplast/

Naturvernforbundet (u.å.). Jakten på mikroplastpartiklene. Henta 17. mars 2020 frå https://naturvernforbundet.no/jakten-pa-mikroplast-partiklene/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk