Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

I denne læringsstien skal de finne ut av kva plast er, og kva problem han kan skape.

De skal

  • finne ut kva de kan om plast frå før
  • lære om kva som kjenneteiknar plast, og korleis han er bygd opp kjemisk
  • undersøkje eigenskapane til plast ved å lage dykkar eigen bioplast
  • diskutere problem som plasten kan forårsake

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet "Plasten – populær og problematisk".

Ved å jobbe med denne læringsstien vil de få eit fagleg grunnlag for å undersøkje plast vidare – både problem og løysingar.