Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva er plast, og kvifor er han problematisk?

Film og filmklipp

Film: «Et hav av plast»

Sjå filmen «Et hav av plast». Diskuter han i klassen etterpå.

Sjå filmen

Etter å ha sett filmen «Et hav av plast» diskuter spørsmåla:

  1. Kva er det viktigaste som kjem fram i denne filmen etter dykkar meining?
  2. Sjå tilbake på det de allereie har diskutert. Er det noko i denne filmen som gjer at de vil endre planen de har lagt?
  3. Er det noko de har blitt inspirert til å finne ut meir om etter å ha sett filmen?

Oppgåve

  1. Lag ei oversikt over kva de no veit om plast.
  2. Lag ei oversikt over kva de er usikre på og treng å finne ut meir om. Legg ein plan for korleis de skal finne ut meir. Det finst mange ressursar om dette temaet som de kan bruke.
CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 13.10.2020