Introduksjon
CC BY-SA 4.0I denne læringsstien skal de finne ut av kva plast er, og kva problem han kan skape.
De skal
- finne ut kva de kan om plast frå før
- lære om kva som kjenneteiknar plast, og korleis han er bygd opp kjemisk
- undersøkje eigenskapane til plast ved å lage dykkar eigen bioplast
- diskutere problem som plasten kan forårsake
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet "Plasten – populær og problematisk".
Ved å jobbe med denne læringsstien vil de få eit fagleg grunnlag for å undersøkje plast vidare – både problem og løysingar.