Plast i naturen – plogging
Plast på avvege i naturen skyldast menneskeleg aktivitet. Landbruk og industri er kjelder, i tillegg kjem det ein del plast frå hushald. Mykje av plasten på land hamnar i bekkar og elver ved hjelp av vinden. Vidare blir plasten med elva ut i ein innsjø, og til slutt renn det ut i havet.
I 2018 var svenske Erik Ahnström lei av forsøpling i Stockholm. Han starta derfor å jogge og plukke søppel samtidig. Slik oppstod ein ny type aktivitet som fekk namnet "plogging". Denne aktivitetsforma er bra for både folkehelsa og for miljøet.
Vel deg ut ein runde i nærmiljøet som du kan jogge. Ta med deg ein liten pose til søppelplukking i lomma. Legg gjerne turen innom eit skogområde, om det er mogleg.
Jogg og plukk søppel samtidig.
Ta utgangspunkt i biletet over med nedbrytingstid av plast.
- Gå igjennom søpla du har funne. Vurder kor søpla kjem ifrå, og kor lang tid det vil ta å bryte ned denne typen plast.
- Er det i orden å kaste avfall i naturen som har kort nedbrytingstid? Som bananskal og dopapir?
- Diskuter kva for konsekvensar det kan ha for nærmiljøet, friluftslivet og naturopplevinga om søppelet blir liggjande.
- Kva for konsekvansar kan forsøpling ha for miljøet globalt sett?
Ta utgangspunkt i ressursen under og finn ut:
- Kva seier allemannsretten om søppel i naturen?
Foreslå ei løysing på utfordringa med søppel i nærmiljøet som gjer at folk blir motiverte til å ta med søpla heim. Sjå døme nedst i ressursen.
Relatert innhald
Friluftslova og allemannsretten er lovverk som gjer at du har rett til å ferdast ute i naturen, men det er nokre reglar du må rette deg etter.