Oppgåve
Plast og emballasje i kokk- og servitørfag
I matbransjen blir det brukt mykje plastemballasje for å minske matsvinnet, ta vare på hygienen og gi god kundeinformasjon. På same tid blir det òg kasta mykje mat. Kvifor er det slik? Og – er noko av plasten som blir brukt som emballasje, rett og slett unødvendig?
God emballasje tek vare på produktet som er inni og fører til mindre svinn, mens dårleg emballasje er sløsing med ressursane. Plast på avvegar er eit stort miljøproblem i mange delar av verda, og mykje blir ikkje sortert ordentleg.
Som fagarbeidar er du ansvarleg for å ta miljøbevisste val i arbeidet ditt og reflektere over miljørelaterte problemstillingar. I denne oppgåva skal du kartleggje bruken av plast i praksisverkstaden din. Du skal òg undersøkje bruken av plast på grønsaker og frukt i matbransjen, og sjølv teste haldbarheita av gulrøter pakka i plast og uemballert. Du skal undersøkje om det finst nokon smarte alternativ til plastemballasje og deretter diskutere påstanden: Det blir mindre matsvinn med bruk av plastemballasje.
- Kva bruker vi plast til innanfor kokk- og servitørfaget? Kartlegg der det blir brukt plast inne på kjøkkenet, i restauranten eller i utsalet/ferskvaredisken og lag ei skriftleg oversikt.
- Ta ein tur på grønsakskjølen eller i ein grønsaksdisk på ein butikk og undersøk kva for råvarer som kjem pakka i plast og kva for nokre av dei som kjem uemballert.
- Kva fann du ut?
- Er noko av dette unødvendig?
- Er noko dobbeltpakka? Er noko pakka i såkalla multipakkar? (Fleire ulike typar grønsaker/frukter pakka saman, som fører til at vi ofte kjøper meir enn vi treng.)
- Finn du òg nokon døme på bruk av meir miljøvennleg emballasje?
- Forsøk: Test haldbarheita til gulrøter ved å leggje somme gulrøter pakka i plast og somme utan emballasje i romtemperatur. Gjer det same på kjøla – legg somme med plast og somme utan.
- Lag ein hypotese: Kva gulrøter klarer seg best, og kva for nokre klarer seg dårlegast?
- La gulrøtene liggje i ei vekes tid og sjekk så haldbarheita. Stemde resultatet med hypotesen din?
- Kva fortel dette deg om bruken av emballasje og lagring?
- Finst det nokon alternativ til plastemballasje? Søk på nettet og sjå om du kan finne nokre smarte emballasjeløysingar som kan erstatte bruken av plast og samtidig ta vare på kvaliteten på råvarene, kundeinformasjon og hygiene.
- Diskuter påstanden: Det blir mindre matsvinn med plastemballasje.