Hopp til innhald

Fagstoff

Undersøk løysingar på problema med plast

Jobb vidare og undersøk løysingar på problema som plasten skaper.
Ung gut og ung jente plukkar plast på strand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Gå i djupna – finn løysingar

Etter å ha fått oversikt over kva plast er, og korleis plast kan vere eit problem, er de kanskje klare til å jobbe med løysingar?

Vi har laga forslag til korleis de kan angripe denne utfordringa med utgangspunkt i ulike yrkesfaglege utdanningsprogram. I desse oppgåvene må du bruke kunnskap frå fleire fag for å komme i mål, sjølv om du tek utgangspunkt i eit bestemt yrke eller fag.

Bruk gjerne eit av forslaga våre, eller formuler ei problemstilling eller oppgåve sjølv.

Forslag til ressursar (aktuelle fag i parentes)
  • Oppdrag: Finn erstatningar for oasis (blomsterdekoratør, naturfag)

    Oasis er mykje brukt i blomsterdekorasjonar, men dei fleste typane oasis er ikkje nedbrytbare. Undersøk alternativ til oasis.

  • Finn mikroplast i kosmetikk (frisør, naturfag)

    Undersøk kosmetikk de har heime og sjå om de finn mikroplast.

  • Plast i helse- og omsorgstenestene (helsefagarbeidar, naturfag, norsk)

    Oppgåve der du skal utforske bruk av plast på praksisstaden din eller ein annan tenestestad innan helse- og omsorgstenestene.

  • Plast i barnehagar, skular og SFO (barne- og ungdomsarbeid, naturfag, norsk)

    Oppgåve der du skal vurdere bruken av plast i til dømes ein barnehage og foreslå aktuelle tiltak for å redusere bruken.

  • Plast og emballasje i kokk- og servitørfag (kokke- og servitørfag, naturfag)

    Oppgåve der du skal kartleggje bruk av plast i praksisverkstaden din og undersøkje alternativ til plast.

  • Gummi frå løvetann – ein berekraftig veg til framtida? og Lag gummi frå løvetann (køyretøy, naturfag)

    Slitasje av bildekk er ei stor kjelde til mikroplast. Kan dekk laga av gummi frå løvetann vere løysinga?

  • Design nye produkt av plastavfall (handverk, design og produktutvikling, naturfag)

    Kan plastavfall vere ein ressurs? Design eit produkt som er laga av plastavfall.

  • Mikroplast frå klede? (handverk, design og produktutvikling, naturfag)

    I denne oppgåva skal du undersøkje mikroplast i klede og designe ein plastfri sko.

  • Forsøk: Kan alginat erstatte plast? (biologi)

    Utvinn stoffa alginat frå tong og tare og test ut korleis alginat kan fungere som emballasje.

  • Plast i naturen – plogging (kroppsøving, naturfag)

    Plukk søppel og jogg – samtidig. Vurder kva slags plast du har funne og reflekter rundt kvifor plasten har hamna der.

  • Skriv ein fagartikkel om plast (norsk, naturfag)

    Korleis skrive ein fagartikkel der du drøftar om plasten er venen eller fienden vår? Her finn du modelltekstar og skrivetips om akademisk skriving.

  • Tasks: Marine plastics (engelsk, naturfag)

    Plan and carry out a panel discussion about plastics. Write an essay in which you discuss different measures that we should take to solve the problem of marine plastics.

Del det de har funne ut

Det er gøy å dele det de har funne ut med andre. Lag rapportar, podkastar, filmar og plakatar. Vel sjølv!

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 13.10.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk