Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag gummi frå løvetann

Brukt safta frå løvetannrøter til å lage gummi.

Føremål

Bruk safta frå røter hos løvetann til å lage naturleg gummi. Bruk russisk løvetann (alternativ 1) eller vanleg løvetann (alternativ 2).

Alternativ 1 – gummi frå russisk løvetann (Taraxacum kok-saghyz)

Det er denne typen gummi som kan brukast kommersielt i bildekk. Denne løvetannsorten veks ikkje vilt i Noreg, men det er mogleg å bestille frø til dyrking innandørs. Frøa må såast minst 7 månader før forsøket skal gjerast. Her trengst det med andre ord litt planlegging.

Frøpakker på eit trebord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rot som blir brekt over slik at fibertrådar kjem til syne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Framgangsmåte

  1. Legg røtene i mortaren. Jo fleire røter du har, jo lengre tid vil det ta å knuse dei.
  2. Bruk pistillen og mal røtene i 5–10 minutt, heilt til dei er i pulverform.
  3. Mens du mel røtene, må du fjerne små, kuleforma og brune partiklar i mortaren med ein pinsett. Legg partiklane oppå urglaset. Dette er gummipartiklane.
  4. Mal røtene heila til du ikkje ser fleire av dei brune partiklane.
  5. Reingjer mortaren med vatn.
  6. Legg gummipartiklane oppi mortaren. Han skal vere litt fuktig.
  7. Mal gummipartiklane heila til dei klistrar seg saman, og lag ein gummibit på 0,5–1 cm.
  8. Prøv å bruke gummibiten som viskelêr. Gå saman med nokon andre for å lage eit større viskelêr.
Svarte partiklar i kvit mortar sett ovenfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Løvetannplante med rot, blad og blome. Illustrasjon.

Alternativ 2 – gummi frå vanleg løvetann (Taraxacum officinale)

Frå vår til haust kan vi finne løvetann vilt omtrent overalt i Noreg. Plantesafta frå røtene kan brukast til å lage eit gummiliknande stoff. Det er ikkje kjemisk det same som gummien som kan lagast frå den russiske løvetanna, men prinsippet for framstilling er nokså likt.

Framgangsmåte

  1. Finn fullvoksne løvetannplanter.
  2. Grav opp nokre røter, og ta dei med tilbake til laben.
  3. Vask røtene og skjer over dei med ein kniv. Forsøk å presse ut så mykje som mogleg av safta som er i røtene. Samle opp safta i eit urglas.
  4. Bruk ein pipette til å tilsetje eddik dropevis. Rør rundt med ein glasstav.
  5. Etter kvart vil safta frå røtene få ein gummiaktig konsistens.

Kjelder

Science in School. (2018, 29. mars). Turning dandelions into rubbar: the road to a sustainable future. Henta frå https://www.scienceinschool.org/content/turning-dandelions-rubber-road-sustainable-future

YouTube. (2018, 10. juli). Latex Rubber from Dandelions. Henta 22. januar 2020 frå https://www.youtube.com/watch?v=k2BK9-f5ws8&t=259s

CC BY-SASkrive av Mareike Göbel, Martin Gröger og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2020

Læringsressursar

Plasten – populær og problematisk