Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tema: Skulestart

Eit godt klassemiljø er noko du skaper saman med dei andre elevane i klassen. I starten av skuleåret er det viktig å bli godt kjend med dei andre elevane og bygge gode og trygge relasjonar. Det er òg viktig å vite kven du kan ta kontakt med viss du møter på utfordringar i løpet av skuleåret.

Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med heilt i starten av skuleåret. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt. Det passar derfor godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som passar viss de vil jobbe med fleire ulike økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. De kan godt velje ut éin eller to økter og berre jobbe med dei.

Økt 1: Bli kjend

Viss de skal trivast saman i klassen, er det viktig å bli godt kjende. I denne oppgåva skal de jobbe med ulike øvingar for å bli betre kjende med kvarandre. Vel nokre øvingar de synest verkar spennande frå artiklane nedanfor, og gjennomfør dei i eller utanfor klasserommet:

Bli kjend-øvingar

Bli-kjend-aktivitetar frå Strinda vidaregåande

Økt 2: Nytt miljø

I starten av skuleåret er det viktig å bygge gode relasjonar. I denne oppgåva skal de først gjennomføre eit kort intervju med ein medelev, før de jobbar i grupper med å bli betre kjende. Deretter skal de lage ei liste med viktige moment for å bygge relasjonar og få venner på vidaregåande. Den siste oppgåva kan de gjerne samanfatte i plenum til slutt.

Nytt miljø

Økt 3: Gode og dårlege relasjonar

I ein klasse kan de ha både gode og dårlege relasjonar. Korleis kan de skape fleire gode relasjonar i klassen? I denne oppgåva skal de ta bilete som uttrykker gode og dårlege relasjonar og presentere dei for klassen. Når de er ferdig med oppgåva, kan de gjerne reflektere saman over korleis de kan få til betre sosiale relasjonar.

Ta bilete av gode og dårlege relasjonar

Ølt 4: Kven kan eg snakke med?

Du kan møte ulike utfordringar på vidaregåande. Då er det nyttig å vite kven du kan snakke med om utfordringane, både på skulen og utanfor. I denne økta skal de først gjere dykk kjende med kven de kan snakke med på skulen, og kven de kan ta kontakt med utanfor skulen. Deretter kan de jobbe med konkrete casar og komme med forslag til kven som kan kontaktast i dei ulike tilfella.

Kven kan du snakke med på vidaregåande skule?

Kven kan du snakke med utanfor skulen?

Tips til gjennomføringa av denne økta

I lenkene til denne økta er det ikkje nokon eigne oppgåver. I første del av økta kan derfor elevane sjølv eller læraren gå gjennom artiklane med forslag til kven elevane kan ta kontakt med.

I andre del av økta kan elevane jobbe med konkrete døme og prøve å komme med forslag til kven som kan kontaktast når dei møter ulike utfordringar.

  • Elevane kan til dømes skrive forslag til utfordringar på lappar som dei blandar saman, slik at det blir anonymt. Deretter kan dei sitje i grupper, trekke éin og éin lapp og prøve å finne eit svar i felleskap.

  • Læraren kan òg gi elevane forslag til utfordringar, som til dømes: Kven tek du kontakt med viss du

    • blir borte frå undervisninga nokre veker

    • ønsker å byte fag, linje eller klasse

    • blir ufrivillig gravid

    • treng tilrettelegging – til dømes på grunn av dysleksi

    • opplever psykiske vanskar og orkar ikkje å gå på skulen

    • blir mobba av medelevar

    • er bekymra for ein venn som misbruker narkotika

    • blir utsett for eit overgrep

    • har økonomiske problem som går ut over skulen

    • mistar heilt motivasjonen for skulearbeid

    • ikkje klarer å bli kjend med nokon andre på skulen

    • har ein heimesituasjon som er så vanskeleg, at han går ut over skulen

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2024

Læringsressursar

Klassens time